Gå til sidens hovedinnhold

Politiet åtvarar etter at ungdommar gjekk ut på utrygg is

Politiet ber ungdomen og andre om halda seg vekk frå isen på Opsangervatnet.

Det skjer etter at det tysdag blei observert 5–6 ungdommar på isen, som enno er langt frå trygg.

– Nokon av desse ungdomane var ganske langt ute på isen. Vi vil på det sterkaste åtvara mot å gå på den. Det er store forskjellar i tjukkleiken på den, det kan vera livsfarleg, åtvarar Torgeir Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor.

Les også

Rekordmange sjåførar bles raudt i fjor

Kommentarer til denne saken