Gå til sidens hovedinnhold

Politiet etterlyser ny person etter solstudio-brannen

Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet gjekk tidlegare ut i lokalmedia og etterlyste ein vaksen, mørk-kledd mann som var observert utanfor solstudioet på Husnes då brannalarmen gjekk laurdag 24. oktober klokka 15.08.

Politiet meiner brannen var påsett.

– Vi er enno ikkje i mål med etterforskinga. At vi ikkje er komne i kontakt med vedkomande, synest vi er litt rart, kommenterer Torgeir Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor tysdag.

I forbindelse med etterforskinga har politiet fått kjennskap til at det stod ein bil utanfor litt tidlegare på dagen:

– Men vi veit ikkje kven eigaren er. Han skal ha køyrd før brannen starta, og er ikkje mistenkt. Men vi skulle gjerne ha visst kven vedkomande er for å høyra om denne personen kan ha opplysningar som kan vera interessante for oss, seier Fosse vidare.

Bilen er ein Volkswagen Caddy Maxi, mørkegrå.

Les også

Folksamt på utestad etter stengetid

Kommentarer til denne saken