Politiet etterlyser vitne etter brann i helga

Naudetatane rykte ut til solstudioet på Husnes laurdag ettermiddag. Politiet trur brannen kan ha vore påtend. (Foto: Arve Rødland).

Naudetatane rykte ut til solstudioet på Husnes laurdag ettermiddag. Politiet trur brannen kan ha vore påtend. (Foto: Arve Rødland).

DEL


I samband med brann i lokala til solstudio på Husnes laurdag 24. oktober, meldt klokka 1508, etterlyser politiet eit vitne:

– Andre vitne på staden har observert ein mørkt kledd vaksen mann, som var i området utanfor solstudioet då alarmen gjekk. Vi ber om at han tar kontakt med oss, står det i etterlysinga frå politiet.

Eventuelt andre som har sett denne mannen i sentrum i tidsrommet blir bedt om å ta kontakt.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken