Hesvik var opphavleg frå Mauranger, men busett i Høvik i Bærum.

Ordførar Hilde Enstad fortel til Kvinnheringen måndag at kommunen sitt psykososiale team er blitt orientert om at ein av dei drepne har relasjonar i Kvinnherad kommune.

– Vi har tatt kontakt med dei det gjeld og tilbydd dei bistand med det dei måtte ønskja, seier Enstad.

Ho seier at hendinga i Oslo har ein tilleggsdimensjon i og med at terroren råkar eit heilt miljø.

– Vi har kjenningar i Oslo som er ein del av dette miljøet, og som kan vera råka på ulike vis utan at vi kjenner til det. Vi jobbar no med å laga tilbod dersom det er nokon som treng bistand. Dette vil vi eventuelt komma tilbake til. Vi skal berre få klarlagt korleis vi kan gjera dette på ein mest mogleg ok måte, seier Enstad.

Ho legg til at dersom du treng nokon å snakka med, kan du kontakta kommunen sitt psykososiale team på telefon 480 49 098.

Kommunen valde på ordføraren si oppmoding å flagga med Pride-flagget i helga for å visa si støtte til dei som er råka av terroren.

Identifiseringa av dei drepne er avklart med dei pårørande, opplyser Oslo politidistrikt måndag føremiddag.

Zaniar Matapour (43) er sikta for drapa på dei to, og dessutan for drapsforsøk og terror. Over 20 personar vart skadde då Matapour opna eld mot to utestader og eit gatekjøken.

Per Ivar Hessen frå Dimmelsvik er oppnemnt som advokat for dei etterlatne til Hesvik.