Gå til sidens hovedinnhold

Politiet har frigitt namnet til den avdøde med samtykke frå familien

Politiet har etter samtykke frå familien beslutta å gå ut med identiteten til kvinna som blei funnen på Varaldsøy torsdag kveld.

Det var 42 år gamle Renate Strand Normann, busett på Varaldsøy.

I ei pressemelding frå Vest politidistrikt går det fram at etterforskinga av hendinga på Varaldsøy vil halda fram gjennom helga.

Vitne blir avhøyrt fortløpande, og det blir jobba med å sikra elektroniske spor. Undersøkingar av åstaden vil fortsetja neste veke.

Politiet har òg beslaglagt ein gjenstand som ein antar kan vera drapsvåpenet. Gjenstanden blei funne utandørs i nærleiken av åstaden. Den vil bli undersøkt av kriminalteknikarar, og sikra materiale vil bli sendt til analyse. Politiet ønskjer førebels ikkje å gi fleire detaljar om antatt drapsvåpen.

Det ble laurdag gjennomført obduksjon av den døde kvinna ved Gades institutt. Den førebelse rapporten er forventa å komma neste veke.

Bergen tingrett beslutta laurdag å varetektsfengsla den drapssikta mannen i fire veker med brev og besøksforbod. Kjennelsen var i tråd med påtalemyndigheita si begjæring. Retten beslutta også forbod mot offentleg gjengiving av fengslingskjennelsen.

Les også

Varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod

Kommentarer til denne saken