Politiet meiner brannen ved solstudioet var påtend – vil ha tips

Naudetatane rykte ut til solstudioet på Husnes laurdag ettermiddag. Politiet trur brannen kan ha vore påtend. (Foto: Arve Rødland).

Naudetatane rykte ut til solstudioet på Husnes laurdag ettermiddag. Politiet trur brannen kan ha vore påtend. (Foto: Arve Rødland).

Politiet er svært interessert i observasjonar i området rundt solstudioet på Husnes i tidsrommet då dei blei meldt om branntilløp laurdag ettermiddag.

DEL

Laurdag ettermiddag kom det melding om røykutvikling ved solstudioet på Husnes.

På Facebook-sida Politiet i Kvinnherad skriv politiet at undersøkingar på staden tydar på at brannen var påtend.

– Politiet er svært interessert i observasjonar frå dette området i aktuelt tidsrom. Ein kan kontakta politiet på telefon 02800 eller ringa Kvinnherad Lensmannskontor måndag etter klokka 08.00 på telefon 53483800 om ein har informasjon, skriv politiet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken