Politiet og kommunen uroa over fulle campingplassar og ungdomar som samlast

ROSENDAL: Både på bubilparkeringa og i båthamna (bakgrunnen) var det laurdag eit yrande liv og stor pågang.

ROSENDAL: Både på bubilparkeringa og i båthamna (bakgrunnen) var det laurdag eit yrande liv og stor pågang.

– Smitteverntiltaka er viktigare enn nokon gong, seier kommuneoverlegen, etter ei helg med finvêr og mykje folk utandørs.

DEL


I helga skreiv Kvinnheringen om fulle campingplassar fleire stader i Kvinnherad. Sjølv om kommunen på førehand sende ut brev til eigarar av campingplassar om å begrensa talet på gjester.

Politiet mottok i løpet av helga fleire bekymringsmeldingar, mellom anna om mykje folk i båthamner og ved campingplassane, der turistar og andre har strøymt til første helga utan hytteforbodet.

– Så langt gjer ser vi ikkje grunn til å gripa inn, seier kommuneoverlege Glenn André Opland til Kvinnheringen måndag.

Han fortel at kommunen kjenner til at det har vore mykje folk ute denne helga.

– Politiet patruljerte gjennom helga og såg til at alt gjekk greitt for seg. Tilbakemeldinga frå dei var at folk såg ut til å følga smittevernråda med maks fem personar samla og to meters avstand mellom folk, fortel han.

– Eg har inntrykk av at folk respekterer smittevernråda, seier han vidare.

Han legg også til at sanitæranlegga på campingplassane framleis er stengde.

Saka held fram under.

Kommuneoverlege Glenn André Opland. (Arkivfoto).

Kommuneoverlege Glenn André Opland. (Arkivfoto).

– Vi følgjer med på situasjonen, og dersom det skulle gå over alle støvleskaft har vi lokale vedtak på plass som gir oss heimel til å gripa inn, forklarer han.

Opland minner om at det enno er ei nasjonal anbefaling om å unngå unødvendige fritidsreiser.

– Derimot fekk vi ein del meldingar frå politiet om ungdommar som samla seg i litt for store grupper, fortel Opland.

– For å førebygga dette publiserte vi mellom anna ein video på kommunen si Facebook-side laurdag, der eg oppmoda ungdommane om å vera forsiktige, fortel kommuneoverlegen.

Sjå videoen her:

– Eg skjønar at det kan vera lett å senka skuldrene litt når samfunnet opnar opp, men det er enno veldig, veldig viktig å følgja dei råda som er gitt, seier han, og held fram:

– Bli heime om du føler deg sjuk, hald avstand til andre, ikkje ver i grupper på meir enn fem personar om de ikkje er i familie, unngå fysisk kontakt og fortset med god hand- og hostehygiene. Dette er meir viktig enn nokon gong. Om smitten skulle ta seg opp igjen, må strengare tiltak til, og det ønsker vel ingen. Derfor er mi oppfordring å ha desse reglane i bakhovudet heile tida.

Politiet fekk meldingar om ungdomar som samla seg i Rosendal, Herøysund og i båthamna på Husnes i løpet av helga. Natt til måndag fekk politiet også melding om russ som hadde samla seg på ei adresse på Husnes.

– Vi håpar foreldre og unge kan ta dette på alvor, seier lensmann Sigurd Børve måndag, og held fram:

– Det var veldig mykje folk ute i helga, og ikkje alle følger reglane om avstand og kor mange ein kan vera saman. Eg vil minna om at dei mest sentrale smitteverntiltaka enno gjeld, sjølv om det blir opna opp.

Han seier at politiet i Kvinnherad har tett og god dialog med kommunen si beredskapsgruppe.

– Folk sjølv må ta ansvar. Om vi ser det skli ut, må vi vurdera ekstratiltak saman med kommunen. Det er flott å komma seg ut, men folk må prøva så godt dei kan å etterleva styresmaktene sine reglar og retningslinjer. Det er viktig, seier ein småbekymra Børve.

Lensmann Sigurd Børve. (Arkivfoto).

Lensmann Sigurd Børve. (Arkivfoto).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags