I ei pressemelding opplyser Sør-Vest politidistrikt at politiet skal vera på Snapchat under Landstreffet for russen i Kongeparken 3.–5. mai.
Politiet skriv at Snapchat for tida er dei unge sin føretrekte kommunikasjonskanal, og at det der er ein låg terskel for å melda frå.
Målet er å gi russen ei trygg russefeiring. Politiet på Snapchat er eit samarbeid mellom Kripos og Sør-Vest politidistrikt, og skal vera eit supplement til dei vanlege patruljane på staden.
Kommentarer til denne saken