Delte meiningar om kjøp

DELTE MEININGAR: Det er delte meiningar mellom politikarane når det gjeld kjøp av Rosendal Motell.

DELTE MEININGAR: Det er delte meiningar mellom politikarane når det gjeld kjøp av Rosendal Motell.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Ap og FrP seier nei, men i morgon kan kommunestyret gje rådmannen fullmakt til å kjøpa hus for unge flyktningar og vanskelegstilte i Rosendal.

DEL

Ein samrøystes levekårskomite har innstilt på at rådmannen får dei fullmaktene han treng, for å kjøpa småhusvære som skal husa unge flyktningar og vanskelegstilte.

– Vi har funne Rosendal Motell, der første høgda kan brukast til kommunal bustad for vanskelegstilte og andre høgda som bufellesskap for unge flyktningar, skriv rådmannen i saksutgreiinga.

Kommunen har fått tilbod om å kjøpa motellet for 6,2 millionar. I levekårskomiteen røysta dei to Ap-representantane Geir Dolonen-Marthinussen og Joakim Barstad Espevik for innstillinga. Men etter eit gruppemøte i Ap måndag, vil ei samla Ap-gruppe gå imot innstil-linga.

– Vi er samde om at vi ikkje ønskjer at kommunen skal kjøpa bustad i Rosendal. For det første er prisen for høg, og for det andre, så blir det feil å plassera einslege unge flyktningar og vanskelegstilte i same bygget, seier gruppeleiar for Ap, Hilde Enstad.

Ap meiner kommunen har eigne bygg i Rosendal som kan nyttast til dette føremålet, blant andre den gamle barnehagen og bygget i kyrkjevegen som i dag vert nytta til tannklinikk. Sist veke var Hilde Enstad i møte med Kai Morten Torget (FrP) og Ove Lemicka (FrP), der denne saka var tema. FrP er motstandar av at kommunen skal kjøpa motellet.

– Det er galskap å plassera flyktningar og vanskelegstilte i dette bygget. Motellet må vera ein del av infrastrukturen for turismen i Rosendal, meiner Lemicka.

– Eg kan vera samd i at motellet skal vera ein del av infrastrukturen til turismen. Elles er FrP og Ap samde om at vi ikkje vil gå for kjøp, men vi har ulik argumentasjon, seier Hilde Enstad.

Ja til kjøp

I Sp-gruppa er det stor semje om at rådmannen skal få dei fullmaktene han har bedt om når det gjeld kjøp av hus.

– Vi hadde saka oppe på gruppemøte måndag, der vi vart samde om å gå for kjøp. Det vert ei betre løysing enn leige, seier gruppeleiar for Sp, Gunnar Våge.

Høgre hadde òg saka oppe på sitt gruppemøte på måndag, men kom ikkje fram til ein endeleg konklusjon.

– Det er ulike meiningar i gruppa vår, så vi diskuterte ikkje heilt ferdig. Men det hellar vel den vegen at vi kjem til å røysta for innstillinga frå levekårskomiteen, seier Leif Sverre Enes.

Ordførar Peder Sjo Slettebø var òg til stades på gruppemøte til Høgre.

– Det er ikkje ei «rett fram-sak». Men vi landar nok på å gje rådmannen fullmakt til å kjøpa husvære. Det står ikkje noko i innstillinga om kva hus som skal kjøpast, understrekar ordføraren.

Han åtvarar mot å bruka for lang tid, og vurdera for mange alternativ.

– Vi treng hus, og det hastar, meiner ordføraren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags