«Me er leie av tomt prat og inga handling»

Av
DEL

MEININGAR 

Alle som reiser med ferjene i Kvinnherad har merka at regulariteten er gått tilbake, talet på avgangar minkar i samband med elektrifisering, reisekostnaden har auka og innbyte-ferja står til stryk. Siste utspelet vart ferja fjerna heilt frå Varaldsøy-sambandet for så enda med total utestenging frå samfunnet. På toppen av det heile får ferjeselskapet mulkt dersom dei lyt venta nokre sekund på ein bil. Slik kan me ikkje vera bekjente av å ha det, eller godta, i år 2020. (I verste fall kan dette på sikt føra til fråflytting og ikkje tilflytting).

Kvinnherad Arbeidarparti skal derfor ta denne saka opp med fylket og inn mot sentrale politikarar på Stortinget. Me oppmodar alle andre parti om også å fronta desse utfordringane, og å hjelpa til med å finna levelege løysingar.

Skal distrikta overleva så kan me ikkje forsetja slik, og på sikt bør ferja vera gratis slik at den vert ein del av fylkesvegen/riksvegen vår. Enkel løysing; ta det over skattesetelen. Alle er avhengige av alle.

Dette må vera eit felles mål for oss alle, me er leie av tomt prat og inga handling. Lat oss stå saman og handla no, dette hastar.

Øyvind Hardeland

Kvinnherad Ap

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags