Slo eit slag for bokbussen

Bokbussbesøk: Jette Christensen (Ap) synte stor interesse for bokbussen då ho tysdag vitja Kvinnherad.

Bokbussbesøk: Jette Christensen (Ap) synte stor interesse for bokbussen då ho tysdag vitja Kvinnherad.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Stortingsrepresentant Jette Christensen (Ap) oppmoda partifelle Johnny Håvik om å skaffa ny bokbuss til kommunen.

DEL

Medlem av Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, Jette Christensen, synte stor interesse for bokbussen då ho tysdag vitja Kvinnherad. Då ho fekk vita at bussen er 23 år gamal, oppmuntra ho partifelle og bursdagsbarn Johnny Håvik til å kjøpa ny bokbuss til kommunen dersom han kjem til makta. I fleire kommunar har bokbussar blitt lagt ned, noko Christensen uttrykte var eit stort tap på fleire område. Også bokbussgeneral Per Myklebust sa han vona bussen vil bestå, sjølv etter at han ein dag går av. - Ny bokbuss er ein god idé. Kor mykje kostar dette valløftet mitt, undra ordførarkandidat Håvik med eit smil, medan han naut eit bursdagskakestykke i bokbussen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags