Vil bygga «seniortun» på Husnes

Rådmann Odd Ivar Øvregård (Arkivfoto).

Rådmann Odd Ivar Øvregård (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Rådmannen føreslår at kommunen kan byggja eit eige seniortun med husvære med universell utforming i området mellom Panorma Senter og brannstasjonen på Husnes.

DEL

I møtet til Levekårskomiteen på førstkommande måndag 26. februar, skal komiteen ha samla bustadplan 2017–2030 til grundig gjennomgang og ny prioritering som er tilpassa ramma på 58 millionar kroner som er sett av i investeringsplanen 2018–2021. Bustadplanen for Kvinnherad er ein ambisiøs plan som skal femna over fleire kommunale mål i form av ein aktiv bustadpolitikk. I saksførebuinga til møtet i levekårskomiteen blir ideen om eit «seniortun» presentert. Kommunen eig nemleg eit område mellom Husnes og Bogsnes, og Rådmannen trur dette vil vera eit relativt lett område å utvikla:

«Området er ferdig regulert, og ved at kommunen lagar infrastruktur til tomtene kan det skje raskt. Rådmannen ønsker å sjå dette svært sentrumsnære område i samanheng med den totale sentrumsutviklinga på Husnes, og området er godt eigna til oppføring av for eksempel «seniortun» med universell utforming og ei viss næringsutbygging. I denne samanhengen meiner Rådmannen at ein òg må inkorporera vidare utvikling av Husnes mot Bogsnes i tråd med dei planane som allereie er utvikla. Her bør ein snarast gå i gang med forprosjekt, slik at ein kan marknadsføra «seniortun». Slike byggemåtar i sentrum vil væra attraktive og antakeleg sjølvfinansierte», står det i sakspapira.

Rådmannen ser for seg tidlege prospekt, der ein kan kjøpa seg ein opsjon til å overta leilegheita når den står ferdig. I dette prosjektet er det særs viktig å involvera Husbanken i ein tidleg planleggingsfase med tanke på finansiering og utforming. Rådmannen føreslår forprosjektering og utbygging av infrastrukturveg i feltet mellom Panorama Senter og brannstasjonen. Dette kjem opp som sak til kommunestyret seinare i vår, heiter det i saksførebuinga.

Artikkeltags