Aksjonerer for grønare og betre ferjer

STILLE FØR STORMEN: Her var det tomt, men 2. påskedag vil folk i ferjekø på Gjermundshamn kunna slå av ein ferjeprat med senterungdomen.arkivfoto

STILLE FØR STORMEN: Her var det tomt, men 2. påskedag vil folk i ferjekø på Gjermundshamn kunna slå av ein ferjeprat med senterungdomen.arkivfoto

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

2. påskedag – midt i påsketrafikken – vil Kvinnherad Senterungdom ha ein stand på ferjekaien på Gjermundshamn.

DEL

– Vi vil fronta saka om nytt og betre ferjemateriell, opplyser Hans Inge Myrvold.

I tillegg til å vera Kvinnherad Senterparti sin frontfigur, er Myrvold også medlem i Kvinnherad Senterungdom som tel rundt 15 medlemer.

Aksjonen på Gjermundshamn er spikra, men får senterungdomen det til, blir det kan henda same type stand på ein ferjekai eller to til.

– Målet med aksjonen er å spreia bodskapen om nye og meir miljøvenlege ferjer. Vi stiller elles krav om at regjeringa lagar ein finansieringspakke for grøne ferjer, slik at vi kan skifta ut gamle og forureinande ferjer, seier Myrvold.

Han meiner det er råd å slå fleire fluger i éin smekk:

– Nye og grønare ferjer kan gi miljøvinst og dessutan auka aktivitet for industrien i regionen. Det kan òg gi oss nye måtar å tenkja på med omsyn til kryssing av fjordane. Det bør ikkje berre handla om kor ferjestøa ligg, men òg om ferjekvalitet, framtidsretta teknologi og arbeidsplassar, meiner Myrvold.

Aksjonen på Gjermundshamn vil truleg føregå i 4–5 timar.

– Me skal vera synlege og lokka dei som sit i ferjekøen med kaffi og vaflar, seier Myrvold.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags