Avvist ferjedebatt

Gretha Rød meiner at tida er inne for å la ferjene gå frå Sunde til Jektevik.

Gretha Rød meiner at tida er inne for å la ferjene gå frå Sunde til Jektevik.

DEL

I ein interpellasjon til kommunestyret torsdag bad Gretha Rød (Ap) om at representantane stemte fram ferje frå Sunde til Jektevik som det føretrekte alternativet.

– 73 prosent av folket vil ha det, og saka er godt nok opplyst til at vi kan ta stilling til den i kveld, meinte Rød.

Men fungerande ordførar Myrvold avviste debatt og røysting.

– Arbeidet med ladestasjon og ny snøggbåtkai på Ranavik er delvis i gang, Jektevik har ikkje kapasitet og Sunde er heller ikkje skikkeleg eigna lenger, sa Myrvold.

Otto Benjaminson (Krf) fekk assosiasjonar til ein «kjærleikssong» han ein gong laga til servitørane om bord i nemnde ferje – frå glanstida til ferjekiosken. Med stø røyst framførte han den – til kveldens første og einaste applaus.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags