Vil ha fleire alternativ på bordet i jakta på lokale til vaksenopplæringa

Ove Lemicka (Frp, bak i midten) oppmoda kommuneadministrasjonen til å tenkja kreativt i jakta på nye lokale til vaksenopplæringa på Husnes.

Ove Lemicka (Frp, bak i midten) oppmoda kommuneadministrasjonen til å tenkja kreativt i jakta på nye lokale til vaksenopplæringa på Husnes.

Formannskapet bad kommuneadministrasjonen om å jobba vidare med korleis ein kan løysa kommunen sitt behov for tenlege lokale i Husnes sentrum.

DEL

Rett nok vart Kommunedirektøren si innstilling samrøystes vedteken, og med det fekk kommuneadministrasjonen fullmakt til å gå i kontraktforhandlingar med aktuelle tilbydarar. Men dei politiske signala var noko sprikande, og skepsisen til det gamle møbelbygget stor.

Som kjent var det gamle møbelbygget ved Hellandsbrua som vart peika på i saksutgreiinga, men det vekte ikkje veldig stor begeistring blant politikarane. Det klaraste signalet var at administrasjonen må jobba meir med saka, og at det hastar med å finna ei løysing, særleg for eining for integrering og opplæring, oftast kalla vaksenopplæringa. Ordførar Peder Sjo Slettebø sa det slik:

– Det er positivt at vi har ei sak om vaksenopplæringa til handtering, men vi treng ei meir overordna utgreiing før vi føretar kjøp. Vaksenopplæringa må helst plasserast i sentrum, nærast mogeleg dei andre tenestene brukarane nyttar.

Ove Lemicka (Frp) meinte administrasjonen gjerne kunne tenkja litt ut av boksen, til dømes ved å kopla nye lokale i Husnes sentrum saman med planane om seniortun.

– Då kan kommunen bidra til seniorsenter i eit bygg med nærings/kontorlokale i første høgda, og bustader i etasjane over. Dette kan vi kombinera med ei mellombels leigeløysing for arealbehovet for vaksenopplæringa, sa Lemicka.

Han meinte administrasjonen også burde vurdera å bruka ledige skulelokale som ei mellombels løysing for vaksenopplæringa.

– Hauge skule i Høylandsbygd står tom og snart er Halsnøytunnelen gratis. Med ei skyssordning går det an å tenkja alternativt medan ein byggjer nytt, høgtenkte Lemicka.

Han åtvara mot å bruka inntil 38,6 millionar kroner på kjøp og ombygging av møbelbygget gjennom låneopptak.

– Og kva er prisen for bygget og kva er kostnaden med ombygging? la Lemicka til.

Til det siste repliserte kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik at salstilbodet ikkje er offentleg, og difor ikkje opplyst.

Også Leif Sverre Enes (H) var skeptisk til det gamle møbelbygget:

– Saka er ikkje moden slik ho ligg føre i dag, men tida er overmoden for å gjera noko for vaksenopplæringa som har gått for lut og kaldt vatn sidan Aksen vart vasskadd (i mars 2015, red. anm). Eg er skeptisk til det svære bygget ved Hellandsbrua – der kan vi forskreva oss. Eg har meir tru på noko i sentrum, så det må jobbast vidare med saka.

Irene Nielsen-Sjo (Ap) var òg noko skeptisk til gamal bygningsmasse:

– Eg trur vi heller må tenkja nytt, og leiga i mellomtida.

Både Hans Inge Myrvold (Sp) og Marit Årthun (KrF) undra seg over at det ikkje er plass til vaksenopplæringa i Aksen når den er ferdig ombygd. Til det kunne formannskapskollega Sølvi Ulvenes (H) forklara at Nav no har fleire oppgåver enn før, og dermed treng meir plass.

Kommunedirektør Bjerkvik påpeikte at både leige og kjøp vil binda kommunen for lang tid:

– Men eg noterer meg signala som har kome og administrasjonen vil jobba vidare med saka. Vaksenopplæringa treng ei ny løysing – det hastar det med.

Til slutt hadde ordføraren eit personleg hjartesukk:

– Eg for min del meiner vi må unngå ei ny mellombels løysing for vaksenopplæringa.


Artikkeltags