«Eg har ikkje sett så mykje av at ordføraren, Høgre eller støttespelarane har vore audmjuke eller sjølvkritiske for noko»

Av
DEL

MEININGARLennart Sortland gjev meg «Dagens ris» og ber meg bringa orsaking til Peder. Her har eg nok kome han i forkjøpet. For det kortliva, men no velkjente Facebook-innlegget mitt, har eg orsaka ordlyden, først direkte overfor Peder, så på tv2.no, på Facebook og sist i båe avisene. Eg gjer det igjen her: Orsak. Også Sortland vil eg be om å vera spesifikk viss det er noko anna eg skulle ha sagt som han meiner er utilbørleg.

Ordføraren sine støttespelarar, Ænes, Ulvenes, Hus, Førland: Eg ber stadig om at de er konkrete og spesifikke i kritikken. Kanskje dei bør sjå på Kvinnherad Høgre sin eigen innsats og sjå om det er noko som kunne vore betre?

Eg reknar audmjuke og evne til sjølvkritikk som ei av dei viktigaste dygder. Eg har ikkje sett så mykje av at ordføraren, Høgre, eller ordføraren sine støttespelarar har vore audmjuke eller sjølvkritiske for noko? Søk etter «rådmannsaka» på YouTube. Kor var audmjuka over dette? Ordføraren sin sjølvkritikk? Refleksjonane frå advokat Døssland? Kva med det einsidige «folkemøtet» som har fått mykje kritikk, men der Høgre sjølv uteblei? Kor var Høgre si audmjuke for brota på kommunelova under konstitueringa og den flengjande kritikken frå fylkesmannen? Når kom det orsakingar for utskjellingar og utbrot mot politikarkolleger? Audmjuke andsynes oreigningssakene? Kor var orsakinga for ordføraren sitt usaklege angrep på meg og varaordføraren 8. mai? Kor var audmjuka for at ein hadde gløymt å sjå på vedtektene før ein bestemte å selja Kvinnherad Energi?

Kva med Aksen-saka, der ein hevda, utan utgreiing, at ein skulle kjøpa det havarerte bygget for 30 mill. og pussa det opp for 30 mill? Prislappen rullar og går, for lengst passert 100 mill., meir lokale må kjøpast, midlertidige løysingar er i bruk på femte året, og integrering/vaksenopplæring opererer under svært dårlege forhold og anar ikkje kor dei skal enda opp eller når det skal bli betre. Eit nytt bygg som hadde husa alle kommunale tenester på Husnes hadde vorte rimelegare og mykje raskare ferdig. Kor er audmjuka?

Kor er Døssland og Bruvik si audmjuke overfor folk sine reaksjonar på festbileta? TV 2 viste audmjuke og sjølvkritikk i si orsaking til meg.

Eg har ein krass og hard stil, særleg når eg meiner det skjer noko som ikkje er rett. Og eg kan vera svært retthaversk. Men eg veit altså ikkje om noko anna eg vil beklaga enn ordlyden i den Facebook-posten. Sortland likar ikkje stilen min. Til lags åt alle kan ingen gjera. Eg er den eg er. Spørsmålet om røysting til hausten handlar både om tillit til kandidatane, og om politikk. Sist val hadde SF bl.a. ein annonse med teksten: «Med Hege og Gaute kan du stola på at du får ein røynd politikar og ein raud rabulist i ei unik pakkeløysing.» Eg tykkjer vi har levert på dette, og tilbodet står ved lag for dei som ikkje nytta seg av det sist. Eg forventar ikkje at alle skal lika meg. Eg er i det minste ærleg og tydeleg. Men eg skal freista å la vera å posta på Facebook når eg sint.

Eg tykkjer vi skal halda fram med å diskutera det politiske debattklimaet. Men no bør vi snakka meir om politikk fram mot valkampen. Og eg reflekterer over Matt 7, 1-5, Luk 6, 37-42, og ikkje minst Joh 8, 1-11.

Gaute Lund

Sosialistisk Fellesliste

Artikkeltags