«Genbankprosjektet for Hardanger er også fornuftig nok skrinlagt». Denne setninga finn vi i eit etter kvart så medieomtalt skriv, det såkalla Hardangerfjord-notatet, som har stått sentralt i saka der tidlegare talsperson for Norske sjømatsbedrifters landsforening, Frode Reppe, skal ha sendt e-postar til det han trudde var den private e-postadressa til fiskeriminister Per Sandberg. Saka blei kjent gjennom Dagbladet då e-postane i staden for hamna hos ein svensk Per Sandberg. Notatet stod sentralt i rettsaka i april som kom som ei følgje av at Reppe saksøkte sin tidlegare arbeidsgjevar NSL for det han meiner var usakleg oppseiing. Ørjan Solheim, no busett i Bergen, men med feriehus i Rosendal, er tidlegare leiar i Guddalselva elveeigarlag, og har i fleire år vore aktiv i lesarinnleggspalter og sosiale medium med kritikk mot eksisterande forsking og genbankplanane (les meir om dette neste fredag). Han blei kjend med Frode Reppe då NSL inviterte seg sjølv til styret i Guddalselva elveeigarlag saman med nokre lokale oppdrettarar i Hardangerfjorden, og dei to var mellom anna samde i synet på Genbank Hardangerfjord.
– Vi spurte oss tidleg spørsmålet: Er det eigentleg snakk om ein eigen laksebestand i elvane i Hardangerfjorden, eller i nokre andre elver i Hardangerfjorden for den saks skuld, slik nokon hevdar? Snakkar vi ikkje heller her om ein såkalla metapopulasjon, altså ei gruppe individ som er knytt til fleire bestemte leveområde, med Etneelva som moderelv? Dette stadfestar jo HI sjølv i sin rapport frå 2010 om prioriterte strakstiltak i Hardangerfjord. Kvifor då investera fleirsifra millionbeløp av skattebetalarane sine pengar på ein genbank? Vi må heller jobba for å få opp laksebestanden i elvene, forklarer Solheim til Kvinnheringen.
Andre tiltak
Eit anna argument han òg trekk fram, er at det i løpet av 1960-80-talet blei sett ut store mengder yngel i fleire elver, yngel som kom frå heilt andre stadar, og som dermed ikkje lenger tilhøyrde sin opphavlege elvepopulasjon. Dette skjedde i samband med kultivering, ofte i elveeigarregi. Også fiskeripolitisk talsmann i Høgre, Ove Trellevik, var av dei som lét seg intervjua om sin skepsis til genbank-planane på nettstaden iLaks i 2017. Felles for Solheim, Trellevik, Reppe og andre motstandarar av genbanken, var at dei meinte pengane burde vore brukte på andre tiltak for å få opp villfiskbestandane i elvene.
– Vi fekk nok gehør til å begynna med, for regjeringa vedtok jo å droppa genbankplanane. Men så kom Venstre i regjering og ville scora nokre poeng, så dei fekk sett det heile i gang igjen.
– Men kvifor skulle styresmaktene planleggja ein genbank dersom det ikkje hadde noko for seg, meiner du?
– Det ligg enorme pengesummar i dette. Alt handlar jo om pengar. Kampen om prosjektmidlar er som kjent stor, og her har Miljødirektoratet, HI, NINA og Fylkesmannen sikra seg oppgåver i mange år framover, hevdar Solheim.
Det høyrer òg med til historia at Solheim, i lag med advokat Lars Selmar Alsaker, klaga desse aktørane inn for KOFA etter at Hardangerfjord Villfisklag fekk tildelt jobben med å samla inn fisk til genbanken for nokre år sidan. KOFA gav klagarane medhald i at det ikkje hadde vore utført ein anbodskonkurranse. Denne gongen har regjeringa poengtert at det skal utførast anbodskonkurranse på bygging av genbanken.
Nekta for lobbyverksemd
Sven-Helge Pedersen og Svein Ingvald Opdal var av dei som meinte genbanken hadde blitt utsett for ein svertekampanje då planane blei skrinlagde. Klima- og miljødepartementet nekta for det.
Det var i forslaget til statsbudsjett 2017 at regjeringa først føreslo å leggja ned Genbank Hardangerfjord. «Nye kostnadsanslag for den planlagde genbanken på IMS for laksefisk frå Hardangerfjord viser ein kostnadsauke på over 50 prosent. Regjeringa har derfor bestemt å ikkje byggja denne genbanken», stod det. Sven-Helge Pedersen i genbanken sa då til Kvinnheringen at han trudde det låg andre årsaker bak enn pengar. «Genbanken og forskingsarbeidet rundt laks og sjøaure generelt har vore utsett for massive svertekampanjar av eit utval personar, mellom anna ein elveeigar frå Kvinnherad. Eg er sikker på at dette har med saka å gjera, og at det med økonomien er vikarierande motiv», sa han den gongen. Han fekk støtte av Svein Ingvald Opdal, som namngav Ørjan Solheim som ein av dei han meinte hadde drive ein svertekampanje mot genbanken. Kvinnheringen spurte Klima- og miljødepartementet om korleis dei stilte seg til påstanden om at nedleggingsavgjersla skulle ha noko med svertekampanjar og lobbyisme å gjera, men det nekta dei for.
«Som det går fram av budsjettproposisjonen, har nye anslag for den planlagde genbanken vist ein kostnadsauke på over 50 prosent. Genbanken blei tidlegare anslått å kosta 43 millionar kroner. Siste kostnadsanslag viser at bygginga vil kosta 66 millionar kroner. Det er bakgrunnen for at regjeringa har bestemt å ikkje byggja genbanken. Dette har altså ikkje noko med lobbyverksemd å gjera. Det vil i denne omgang ikkje bli gjennomført andre konkrete bevaringstiltak for villaksen og sjøauren i Hardangervassdraga», skreiv statssekretær Lars Andreas Lunde til Kvinnheringen i 2016.