– Vil ikkje satsa på eit parti som ikkje satsar på meg

UT AV LISTA: Ei skuffa Marit Bakke har trekt seg frå Kvinnherad Høgre si nominasjonsliste.

UT AV LISTA: Ei skuffa Marit Bakke har trekt seg frå Kvinnherad Høgre si nominasjonsliste. Foto:

Kommunestyrerepresentant for Kvinnherad Høgre, Marit Bakke, var ikkje nøgd med listeplasseringa for kommunevalet 2019 og har valt å trekkja seg.

DEL

Kvinnherad Høgre heldt endeleg nominasjonsmøte måndag kveld, og den endelege lista er litt justert samanlikna med den førebelse lista som vart kjend tidleg i november. Største endringa er nok at Marit Bakke, Omvikdalen, har valt å trekkja seg heilt frå Høgre-lista etter at ho vart plassert på tiandeplass på den første lista.

– Kvifor har du trekt deg?

– Eg vil ikkje satsa på eit parti som ikkje vil satsa på meg. Då vil eg heller konsentrera meg om jobb og familie, seier Bakke, og viser til at to andre kvinner utan politisk erfaring stod på 3. og 4. plass på den førebelse lista.

– Det ville vore naturleg at dei få kvinnene som ville fortsetja som kommunestyrerepresentantar for Høgre vart plasserte høgare på lista, meiner Bakke.

Ho understrekar likevel at ho synest det er viktig med fornying.

– Slik sett er det bra at det er kome inn fleire folk frå Husnes, Sunde og Valen – området der det bur flest folk. Men når Høgre ikkje vil satsa på dei som har gjort ein innsats, og kumulerer heilt nye kandidatar, kan det vera det same for min del, seier Bakke.

Ho legg til at ho ser på seg sjølv som ein person som har bidrege for Kvinnherad Høgre både ut frå utdanning og yrkeserfaring i tillegg til lang erfaring som tillitsvald.

– Men når Kvinnherad Høgre tenkjer annleis og ikkje vil satsa på meg, vil eg konsentrera meg om ein spennande jobb som kvalitetsleiar ved Hydro Husnes og elles familien, seier Bakke.

Ho forsikrar at ho framleis er medlem i Kvinnherad Høgre og vil gjera plikta si som kommunestyrerepresentant ut valperioden.


– Synd at ho trekte seg

Leiar i nominasjonsnemnda, Gunn Mari Moberg, synest det er eit tap for Kvinnherad Høgre at Bakke valde å trekkja seg.

– Vi treng dei damene vi har, og Marit Bakke har gjort og gjer ein veldig god jobb som kommunestyrerepresentant. Likevel treng vi nye folk på lista, og vi rekna elles med at Bakke ville koma inn i det neste kommunestyret om ho stod på 10. plass. Vi hadde håpa å få bruka kompetansen hennar også i komande valperiode, så det var veldig synd at ho trekte seg.

Moberg viser til at den førebelse lista var eit forslag som medlemene stod fritt til å endra på i det avgjerande nominasjonsmøtet.

– Men før møtet måndag kveld hadde vi fått signal om at Bakke dessverre ville trekkja seg. Kritikken gjekk dels på kven som var kumulerte, og der vart det endring frå fire kumulerte til tre kumulerte, opplyser Moberg.

Av andre endringar i toppen sidan den førebelse lista, kan me nemna at Sølvi Ulvenes er flytta opp frå sjette til tredje plass, medan Silvia Tofte er flytta ned frå tredje til sjette. Vegard Bjørnevik frå Sæbøvik hoppa inn på 10. plass.

I inneverande periode har Kvinnherad Høgre 12 representantar i kommunestyret.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags