– Ein håplaus situasjon

Sandane Hotell: Akkurat som Husnes hotell står Sandane Hotell i Gloppen òg til forfall. Eigar er Jan Haveland, som òg eig Husnes Hotel. Foto: Aadne Gloppestad

Sandane Hotell: Akkurat som Husnes hotell står Sandane Hotell i Gloppen òg til forfall. Eigar er Jan Haveland, som òg eig Husnes Hotel. Foto: Aadne Gloppestad

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Ordføraren er ikkje veldig optimistisk i høve til at kommunen kan gripa inn for å få ordna opp i tilhøva rundt Husnes hotell. Situasjonen er akkurat lik i Sandane, der gamle Sandane hotell har same eigar som Husnes hotell.

DEL

Ordførar Synnøve Solbakken, hadde bede rådmannen sjå om det er noko kommunen, med lova i hand, kan gjera for å få ordna opp i dei utidige forholda ved Husnes hotell.

I møtet i formannskapet orienterte rådmann Trond Sætereng kva som var vurdert i høve til plan- og bygningslova.

– Vi har sett på om alle dei hærverka som har vore på hotellet kan representera ein fare for allmenta. Vi kan ikkje påleggja hotelleigaren ei «forskjønning» av bygget eller området, sa rådmannen.

Ein annan moglegheit er å utarbeida ein revidert reguleringsplan for området, og at kommunen eventuelt krev ei oreigning. Felles for desse tiltaka, er at dei vil kosta pengar og ta fleire år.

– Det er ein håplaus situasjon. Dette ser ikkje lyst ut. Eg konkluderer med at det finst inga snarleg løysing for å rydda opp, var hjartesukket frå ordføraren etter rådmannen si orientering.

Til Kvinnheringen seier ordføraren at ho konstaterer at Kvinnherad kommune ikkje har heimel i lovverket til å gjera noko.

– Ei omregulering av området er heilt uaktuelt. Kommunen kan ikkje bruka pengar på dette. Den einaste løysinga er at prisen på hotellet kan bli sett så mykje ned at det er interesse for å kjøpa det.

Det siste kommuniserte ho til hotelleigaren etter møtet i formannskapet på torsdag.

Likt i Sandane

Jan Haveland eig òg eit hotell i Gloppen i Sandane, tidlegare Sandane hotell. Situasjonen der er den same som på Husnes. Hotellet er stengt og står til forfall, noko det har gjort i nær 10 år.

Ådne Gloppestad i avisa Firda Tidende seier at både bygdefolk og politikarar i kommunen engasjerer seg for å få gjort noko med hotellet, som er innfallsporten til Sandane sentrum.

– Formannskapet i Sandanehar nyleg hatt saka oppe, og det er send brev til hotelleigarane der politikarane spør om det er noko dei kan hjelpa med. Dei ønskjer òg å få ein tilstandsrapport på bygget. Så langt har politikarane ikkje fått svar frå hotelleigaren, seier Gloppestad.

Rett før påske skreiv avisa om at det nok ein gong var utført hærverk på hotellet i Sandane, akkurat som på Husnes.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags