Møbelbygget på vent

Politikarar har enno ikkje bestemt seg for om det tidlegare møbelbygget ved Hellandsbrua skal kjøpast eller ikkje.

Politikarar har enno ikkje bestemt seg for om det tidlegare møbelbygget ved Hellandsbrua skal kjøpast eller ikkje. Foto:

DEL


Kommunestyret hadde torsdag føre saka om korleis ein går vidare for å dekka det arealbehovet kommunen har for meir lokale på Husnes, særleg for Eining for integrering og opplæring.

Det tidlegare møbelbygget ved Hellandsbrua har vore lansert som aktuelt til ein pris på 38,6 millionar, inkludert kjøpesum og ombygging. Men politikarane var ikkje heilt fornøgde med dette og ville ha saka grundigare utgreidd med fleire alternativ. Gretha Rød (Ap) meinte at ein også bør sjå nærare på nybygg for å få eit fullgodt bygg som er tilpassa behova.

– Aksen kan vi selja, avslutta ho så greitt med.

Saka vart utsett.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags