Held fram det gode samarbeidet i neste periode

Etter éin kommunestyreperiode som Sosialistisk Fellesliste, vel Kvinnherad SV og Kvinnherad Raudt å fortsetja samarbeidet. Som venta toppar Hege Lægreid Røssland og Gaute Lund lista til kommunevalet i haust.

DEL

SF SI VALLISTE ER KLAR:– Etter fire års samarbeid er vi strålande nøgde. Eg og Hege har hatt eit godt samarbeid i kommunestyret, og har mange gode diskusjonar. Vi hadde ei annonse i avisene før førre kommunestyreval, der vi skreiv at «med Sosialistisk Fellesliste får du ein røynd politikar og ein raud rabulist i ei unik pakkeløysing». Det meiner vi at vi har levert på i denne perioden, og derfor held vi fram samarbeidet, fortel Gaute Lund.

– Lista vår er godt samansett med erfarne, stabile og engasjerte SF-politikarar på topp, og i tillegg nye unge og eldre personar som vil stå på lista vår. Medlemstalet har auka jamt og trutt, som viser at politikken vår har støtte i befolkninga i kommunen. Det er god spreiing geografisk, og det er god alderssamansetning på lista. Vi ser fram til ein spennande og god valkamp i 2019 for våre kjernesaker: Oppvekst, omsorg, natur og miljø, og næringsutvikling! Ein politikk som tek omsyn til menneske med ulike utfordringar, til dømes familiar med svak økonomi, og personar som på grunn av sjukdom eller alder treng ekstra tilrettelegging frå kommunen, seier Hege Lægreid Røssland i ein kommentar.

Dei fire første på lista under er førehandskumulerte.

Artikkeltags