Levekårskomiteen går for 0-alternativet

Hanne Kristensen (t.v.), Kristin Isdal Eide og Arne Bjørnevik (alle Høgre) fekk forslaget partiet deira leverte i lag med Sp igjennom i levekårskomiteen tysdag kveld.

Hanne Kristensen (t.v.), Kristin Isdal Eide og Arne Bjørnevik (alle Høgre) fekk forslaget partiet deira leverte i lag med Sp igjennom i levekårskomiteen tysdag kveld.

Artikkelen er over 3 år gammel

Den nykonstituerte levekårskomiteen rår til at dagens skulestruktur held fram når ny skulebruksplan skal gjerast gjeldande.

DEL

Då den ferske levekårskomiteen hadde sitt første møte i kveld (tysdag), var forslag til ny kommunedelsplan for skulane oppe til behandling. Rådmannen hadde lagt fram ei innstilling om å gå for pedagogikkalternativet, men Høgre og Senterpartiet la i møtet fram eit forslag til innstilling om heller å gå for 0-alternativet/bygdealternativet, der noverande skulestruktur skal stå gjeldande.

- Vidare ønskjer vi å ta med eit punkt om at kommunen ønskjer dialog dersom foreldra i ei skulekrins ønskjer endringar av ei skulekrins, og at planen sin handlingsdel skal reviderast årleg, sa nyvald leiar for komiteen, Stein Olav Ølvestveit.

Forslaget til Høgre og Sp vann med seks røyster, mot tre røyster for rådmannen sitt, og går med det vidare til kommunestyret for endeleg vedtak i desember.

Artikkeltags