Høgre og Senterpartiet i Kvinnherad

Av

– Vi vil jobba aktivt med å forbetra forholdet, skriv Sp og Høgre i ei felles pressemelding onsdag.

DEL

MEININGAR: 

I lokalavisene i Kvinnherad har det i det siste vore spekulert i om det er i ferd med å bli slutt på samarbeidet mellom Senterpartiet og Høgre i kommunestyret. I det høve vil vi koma med følgjande utale:

Senterpartiet og Høgre har i snart tre år hatt eit samarbeid der partia har vore opptekne av å realisera dei tiltaka som dei vart samde om i samarbeidsavtalen (den politiske plattforma), som vart underteikna etter valet i 2015. Det har gått over all forventning og innbyggjarane i kommunen ser at prosjekter som det har vore snakka om lenge, no er satt i verk.

Det er ikkje til å leggja skjul på at «rådmannsaka» har vore utfordrande for samarbeidet. Her har det vore usemje om framgangsmåte, kommunikasjon og samråd, spesielt mellom ordførar og varaordførar.

Styra i Senterpartiet og Høgre i Kvinnherad er overtydde og samde om at denne usemja ikkje må skada samarbeidet mellom partia og vil difor jobba aktivt med å forbetra forholdet, mellom anna med å saman evaluera siste vekers hendingar, freista å dra lærdom av dei og betra kommunikasjonen mellom partia.

Vi, styreleiarane i Senterpartiet og Høgre, er overtydde om at det er til det beste for innbyggjarane i Kvinnherad at samarbeidet mellom Senterpartiet og Høgre held fram. Difor tilbakeviser vi at det er i ferd med å ta slutt, slik lokalavisa påstår på tysdag og onsdag.

Clara Hveem, styreleiar Kvinnherad Senterparti

Erlingur Nielsson, styreleiar, Kvinnherad Høgre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags