Lukka møte – nei takk

Av
DEL


LEIAR:Denne veka vart gruppeleiarane i Kvinnherad kalla inn til møte der den økonomiske situasjonen ved Folgefonnsenteret var tema. Det var ordføraren som kalla inn, og tema for møtet var den økonomiske situasjonen i senteret og vidare driftsopplegg. Dette i samband med at det skal vera eit stiftarmøte 12. september.

Begge lokalavisene i Kvinnherad møtte fram for å følgja det vi meiner er eit ope politisk møte. Då representantane frå dei to avisene møtte fram var meldinga klar: Dette blir eit delvis lukka møte. Grunngjevinga var at politikarane ikkje meinte at det var eit «folkevalt organ» som hadde møte. Etter lova skal det røystast over dette i møtet, og røystinga skal vera open, men her var avgjerda teken utan at det vart røysta ope over dette. Det er ein klar formell feil.

Etter vår meining er lova klinkande klar: Når politiske representantar møtest for å diskutera ei sak, så er det eit ope møte. Vi meiner med andre ord politikarane har gjort feil, og at den juridiske rådgjevaren til ordføraren har teke feil når han seier at han delvis kan lukka eit slikt møte.

Vi har òg problem med å sjå kvifor dette møtet skulle vera delvis lukka. Når ein vel å lukka noko blir det fort slik at ein undrar på om ein ønskjer å halda noko hemmeleg. Det er skrive relativt mange spaltemillimeter om Folgefonnsenteret den siste tida, og rådmannen måtte gå av på grunn av senteret. Det er difor verkeleg av offentleg interesse rundt det som skjer med senteret. Vi meiner politikarane utan tvil hadde sett seg tent med openheit, og ikkje lukka dører og hemmeleghald.


Artikkeltags