Fire i farta på storsenteret: – Det var på høg tid at Sylvi trekte seg

Norsk politikk har nesten kræsja fordi ho har vore så rasistisk, meiner Martin Skåla Nygård.

Norsk politikk har nesten kræsja fordi ho har vore så rasistisk, meiner Martin Skåla Nygård.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Kvinnheringen spurde fire personar om kva dei meiner om at Sylvi listhaug trekte seg som justisminister.

Arvid Holmedal

– Eg synest det var på høg tid. Dette var ikkje den første kritikkverdige episoden frå Listhaug.

Sandra Yvonne Haugland

– Det er bra at Sylvi trekte seg, i staden for at heile regjeringa måtte gå.

Eldbjørg Myklebust

– Det er heilt greitt at Sylvi trekte seg. Eg synest ikkje det er rett det ho har gjort. Flott at ho gjekk i staden for regjeringa.

Martin Skåla Nygård

– Sylvi passa ikkje som minister. Eg er glad for at ho trekte seg. Norsk politikk har nesten krasja fordi ho har vore så rasistisk. Eg meiner ein politikar bør vera sakleg og fornuftig.

Les også:Rasar mot Ap: – Ein dårleg dag for demokratiet og norsk politikk

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken