Ferjeforslag på grunn

(Illustrasjonsbilde frå arkivet).

(Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Vedtaket frå årsmøtet i Kvinnherad Ap om at sambandet mellom Kvinnherad og Stord skal gå mellom Jektevik og Sunde, havarerte i kommune- styret.

DEL

Det vart ein lang og heftig debatt om kor sambandet mellom Stord og Kvinnherad skal gå inntil eit eventuelt nytt og betre samband er på plass.

Arbeidarpartiet vedtok på årsmøtet at ferjesambandet skulle, så snart råd er, flyttast frå Ranavik til Sunde og gå til Jektevik.

– Dette er det beste alternativet, uansett kva som vert sagt her i dag, sa Aksel Kloster jr. (Ap) ei tid ute i den lange debatten.

Han viste til at Kvinnherad ved fleire høve hadde vore i dialog med Stord-politikarane om ei korting av sambandet mellom dei to kommunane, utan at det hadde gitt noko resultat.

– Vi vil ha bompengane som i dag vert betalt i Halsnøysambandet tilbake til ferja. Dette er berre ei mellombels løysing, inntil vi eventuelt får ei bru, understreka Kloster.

Arne Presthus (H) hadde stor sympati for forslaget frå Ap som han meinte var uttrykk for ein frustrasjon for at ingenting skjer i arbeidet med å korta sambandet mellom Kvinnherad og Stord. Han hadde ei forklaring på kvifor det hadde gått som det hadde gjort.

– Grunnen til at vi ikkje har fått til noko er at vi berre har jobba for Kvinnherad. Vi må sjå kva vi kan tilby Stord, sa Presthus.

Bjarne Berge (H) meinte det ikkje berre var Stord som måtte vera med å få til eit kortare samband, det er ei oppgåve for heile Kvinnherad, meinte Høgre-representanten.

Bakstreversk

Håkon Røstbø (Uavhengig) meinte hovudmålet var å jobba med eit brusamband til Stord. Men før det skjer, må ein bruka sambandet Sunde-Jektevik som han hevda var det kortaste alternativet. Han følgde Ap og sette fram forslag om at fram til ei bru er på plass, og så snart som mogleg, må det etablerast eit ferjesamband mellom Sunde og Jektevik.

Forslaget frå Røstbø vart omtala som bakstreversk og populistisk av Arne Bjørnevik (H).

– Forslaget er uryddig, og forslaget frå Ap er eit populistisk forslag. Det skremmer meg dersom politikarane skal styra denne kommunen på ein bakstreversk måte, slik at det vert umogleg å driva næringsverksemd i denne kommunen, sa Bjørnevik

Greta Rød (Ap) meinte at dersom ferja går til Jektevik i staden for til Ranavik, så vil ein spara 14 minutt.

– Alle eg har snakka med, både passasjerar og mannskap, vil ha sambandet Sunde-Jektevik, hevda Rød.

Peder Sjo Slettebø (H) meinte at dersom ein skulle flytta ferjesambandet, slik Ap, SV, Venstre og Uavhengig ønskte, så måtte dei to ferjekaiane rustast opp for fleire millionar kroner. Det var ein kostnad som fylkeskommunen eventuelt måtte ta. Sjo Slettebø hadde inga tru på at fylkeskommunen ville prioritera dette.

Arve Opsanger (Ap) var ikkje samd med eige parti i denne saka. Han ville halde fram arbeidet med ei innkorting av sambandet, og hadde tru på ei endring ein gong i framtida.

– Det er ingen her i salen som veit kva som vert av endringar. Men eg har tru på endringar. Kvinnherad vil tapa truverd ved å vedta forslaget frå Ap, eg vel ikkje å røysta for det, sa Arve Opsanger i det siste kommunestyremøtet sitt. Han går ut av politikken etter kommunevalet i haust.

Ordførar Synnøve Solbakken, røysta mot å flytta ferjesambandet til Sunde-Jektevik då formannskapet handsama saka for 14 dagar sidan.

I kommunestyret valte hå følgja partiet sitt.

Gerhard Eide (H) omtalte forslaget frå Ap med fleire som eit blindspor.

Dermed gjekk forslaget om endring av ferjesambandet på eit skikkeleg havari. Forslaget fekk berre 10 røyster.

Utgangspunktet for denne saka var ein moglegheitsstudie frå Hordaland fylkeskommune for fylkesvegsambandet knytt til E39.

Med 23 mot 10 røyster vedtok kommunestyret å ta rapporten frå Hordaland fylkeskommune til etterretning. Fleirtalet meiner rapporten vil vera viktig i det vidare arbeidet med Kvinnheradspakken, samt arealdelen og samfunnsdelen i kommuneplanen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags