Gler seg til å styra kommunen

Peder Sjo Slettebø (t.v.) blir den nye ordføraren i Kvinnherad, Hans Inge Myrvold blir varaordførar.

Peder Sjo Slettebø (t.v.) blir den nye ordføraren i Kvinnherad, Hans Inge Myrvold blir varaordførar.

Artikkelen er over 2 år gammel

Høgre og Sp har blitt samde om ei felles politisk plattform for dei komande fire åra. Dei er ikkje uroa over å skulla styra åleine.

DEL

Etter mange og lange samtalar, som lenge òg inkluderte KrF og Venstre, blei det fredag klart at Høgre og Senterpartiet åleine skal danna ny koalisjon for dei komande fire åra.
- Vi var samde med KrF og Venstre i mange viktige saker, men særleg i skulesaka hadde vi for ulike standpunkt. Og dette er ei sak som er veldig viktig for alle fire partia, difor valde vi at Høgre og Senterpartiet no går saman i eit samarbeid, sa komande ordførar Peder Sjo Slettebø (H), då han og hans komande varaordførar Hans Inge Myrvold (Sp) fredag inviterte til pressekonferanse.

Kor vidt det blir eit såkalla valteknisk samarbeid mellom dei fire, er enno ikkje avklara. I den ferske avtala, som dei har kalla Politisk plattform 2015-2019, står det å lesa at samarbeidspartia vil vidareføra dagens skulestruktur.
- Så skal ein ikkje underkjenna arbeidet som skjer med skulestrukturplanen, og vi har ved fleire høve uttrykt at vi vil høyra på foreldra. Difor vil vi ta omsyn til det som kjem fram av høyringsuttalene, sa Myrvold.
Den politiske plattforma er på nesten tre A4-sider, og inneheld mange intensjonar.
- Eitt punkt har vi streka under som særs viktig: Det er eit overordna mål for den økonomiske politikken at innan valperioden er over i 2019, skal ekstraordinære inntekter som til dømes avkastning frå fond fasast ut av driftsbudsjettet, forklarte dei to.
Dei vil ha med seg den nye rådmannen i ein gjennomgang av heile den kommunale organisasjonen med sikte på innsparing og effektivisering.

Les meir om den nye avtalen i måndagsavisa.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags