Spelar inn podkast

Journalistane Elisabeth Berg Hass og Håvard Røyrvik tar i mot Peder Sjo Slettebø i podkast-studio. Episoden kan ein høyra på Kvinnheringen.no snart.

Journalistane Elisabeth Berg Hass og Håvard Røyrvik tar i mot Peder Sjo Slettebø i podkast-studio. Episoden kan ein høyra på Kvinnheringen.no snart.

Av
DEL

Kvinnheringen skal produsera sin aller første podkast. Og avtroppande ordførar Peder Sjo Slettebø (H) har takka ja til å vera første gjest.

Dei kjem til å snakka om den dramatiske våren i Kvinnherad-politikken, diskutera lokalvalet som er rett rundt hjørnet og mykje anna.

Dersom du har spørsmål du vil at journalistane våre skal stilla ordføraren – send det gjerne inn, så skal vi prøva å få dei med i opptaket.

Legg gjerne igjen spørsmål på Kvinnheringen si Facebook-side eller send til redaksjon@kvinnheringen.no. Spørsmåla må vera oss i hende før fredag morgon.

Fram til det spennande lokalvalet skal avgjerast 9. september, er målet å spela inn nokre episodar med ulike gjester og tema.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags