Meiner nedlegging er ulovleg

Det er stor motstand mot nedlegging av Øyatun skule på Halsnøy. (Foto: Mona Grønningen).

Det er stor motstand mot nedlegging av Øyatun skule på Halsnøy. (Foto: Mona Grønningen).

Artikkelen er over 4 år gammel

Advokatfirmaet Wikborg og Rein meiner kommunestyret vil bryta forvaltingsrettslege prinsipp om dei vedteke nedlegging av Øytatun skule no.

DEL

Firmaet er bedne av Aksjonsgruppa for Øyatun skule om å vurdera rådmannen sitt framlegg om nedlegging av Halsnøy ungdomsskule. I februar 2013 vedtok kommunestyret at ei nedlegging av Halsnøy skule skulle vurderast i 2016.

Dette meiner advokatfirmaet at rådmannen må halda seg til, og viser til at innstillinga til rådmannen direkte vil gå mot eit vedtak fatta i 2013.

Wikborg & Rein stiller spørsmål om formannskapet i det heile kan fremja ei innstilling om nedlegging.

– Det er også eit poeng at forslaget om nedlegging av skulen er eit budsjettvedtak. Eit kommunestyre kan ikkje leggja ned ein skule i eit budsjettvedtak j.fr kommunelova si paragraf 45, skriv advokat Vegard Thunes Jørgensen på vegner av Wikborg & Rein.

Advokaten peikar på at den korrekte framgangsmåten er å fremja forslag i kommunestyret om endring av skulestrukturen.

– Dersom kommunen vedtar at skulen skal leggjast ned i framtida, først då kan rådmannen ta omsyn til nedlegging av skulen i budsjett og økonomiplan, påpeikar advokaten.

Det vert og vist til at det ikkje har vore nokon høyringsrunde i det heile tatt om nedlegging av skulen.

Privat skule
Dersom kommunestyret vedtek ei nedlegging av Øyatun skule, står bygdefolket klare for å opna privatskule.

Georg Eide ved Eide Marine Sercvices skriv i brev til kommunen at selskapet er ein stor arbeidsgjevar i Kvinnherad. Selskapet har ved fleire høve påpeika kor viktig det er med ein ungdomsskule på Halsnøy. Dei neste åra ser dei for seg 40–60 ingeniørar knytt til selskapet, med større investeringar på Halsnøy.

– Vi er ikkje nøydde til å byggja den verksemda vidare på Halsnøy. Utan den naudsynte strukturen vil vi i staden leggja denne aktiviteten til vårt kontor i Rotterdam eller oppretta nytt kontor i Bergen, skriv Eide.

Alternativet er å halda oppe Øyatun som privatskule. Eide Marine Services er no med og deltar i etableringa av Halsnøy Friskole AS, som vart stifta i går. Dette for å henta naudsynt godkjenning for å driva Øyatun som privatskule.

Eide presiserer og at det på Halsnøy alt er lagt ned tre barneskular, og at tida er komen til å sjå på andre område i kommunen.

Både Eide og arbeidsgruppa for Øyatun skule meiner tala til rådmannen med påstått innsparing er heilt feil. Dei hevdar at det i staden vil bli ein ekstrakostnad på 2,3 millionar årleg per år for perioden 2016 til 2019.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags