Som Kvinnheringen skreiv i 2017, var ordførar Peder Sjo Slettebø imot forslaget om å innføra ei såkalla produksjonsavgift for næringa, fordi han ikkje ønskjer ikkje eit større skattetrykk for den. Men han seier at inntrykket er at næringa ønskjer å bidra meir til kommunekassene enn det den gjer i dag, om enn på ein meir føreseieleg måte enn gjennom høgare skatt.
– Det er ikkje sånn at oppdrettsnæringa ikkje legg noko att, men eg har inntrykk av at den ønskjer at meir skal koma kommunane til gode. No har vi jo fått dette havbruksfondet, som vil gi betydelege inntekter til kommunane som har oppdrett, men ein må òg sjå på løysingar for korleis kommunane kan få meir att for naturressursane vi stiller disponible, seier han, og forklarer:
– For kraftbransjen har ein eit gamalt regime for skattlegging og konsesjonsavgift. Her burde styresmaktene vore meir framtidsretta den gongen då oppdrett begynte å veksa òg. Det er ikkje for seint å finna gode løysingar her, men det må vera føreseielege løysingar som oppdrettsnæringa kan leva med. Nett no er prisane på fisk gode, men dette er ei eksportnæring, så det kan svinga fort. Difor er ikkje auka skattetrykk løysinga, meiner ordføraren.
Reportasjeserien «Spelet om fisken»
I Kvinnherad er havbruksnæringa stor, med 27 lokalitetar i og nær fjordane våre. Dermed er nok både næringa og alt som følgjer med noko som opptar dei fleste kvinnheringar. Mykje er skrive om teamet fiskeoppdrett, og det kjem ikkje til å stoppa etter denne serien. Temaet har tidvis ført til store konfliktar mellom havbruksnæringa og dei som er kritiske til den, men mange meiner diskusjonane er noko unyanserte, og har etterlyst ein meir konstruktiv debatt. Med denne reportasjeserien har Kvinnheringen sett nærare på havbruksnæringa på godt og vondt, for å få fram ulike synspunkt frå ulike aktørar. Det har vore viktig for oss å prøva å vera balanserte, og la ulike partar koma til ordet. Vi kjem ikkje med nokon konklusjon, målet vårt er å gi deg så mykje informasjon at du sjølv kan gjera deg opp ei meining. For å kunna grava i temaet, har Kvinnheringen motteke 75.000 kroner frå stiftinga «Fritt ord».
I denne del 1 av reportasjeserien «Spelet om fisken» har vi sett nærare på oppdrettsnæringa i kommunen vår. Kva blir produsert her? Kor mange er sysselsett i næringa? Kva ringverknadar har den? Korleis er utviklinga i bransjen? Kva seier oppdrettarane sjølve?
Dei neste delane av reportasjeserien kjem på trykk følgjande datoar:
Fredag 18. mai – Del 2: Villfisk og forsking
Fredag 25. mai – Del 3: Støyen i Guddalselva