Ingen politisk debatt om Deloitte-rapporten

GRUPPELEIARMØTE: Her argumenterer Gaute Lund (SF) for å kutta ut debatt om rapporten om rådmannsaka. Frå høgre og rund bordet mot klokka: Leif Sverre Enes (H), Hilde Enstad (Ap), Gaute Lund (SF), Otto Benjaminson (KrF), Ove Lemicka (Frp), Matthias Zimmermann (MDG), Kent Are Kjørsvik Petterson (V) og Gunnar Våge (Sp).

GRUPPELEIARMØTE: Her argumenterer Gaute Lund (SF) for å kutta ut debatt om rapporten om rådmannsaka. Frå høgre og rund bordet mot klokka: Leif Sverre Enes (H), Hilde Enstad (Ap), Gaute Lund (SF), Otto Benjaminson (KrF), Ove Lemicka (Frp), Matthias Zimmermann (MDG), Kent Are Kjørsvik Petterson (V) og Gunnar Våge (Sp).

Den einaste heite poteta på saklista drog ikkje på seg eit einaste debattinnlegg i kommunestyremøtet torsdag kveld.

DEL

Første ordinære sak i kommunestyremøtet var altså den omfangsrike og mykje omtala Deloitte-rapporten, om prosessen som førte fram til Odd Ivar Øvregård sin avgang. Null debatt!

Og minst like overraskande: Hjernen bak å leggja ballen daud var Gaute Lund (SF), ein av ordføraren sine argaste kritikarar i rådmannssaka.

Dei som såg kommunen si direkteoverføring av møtet sat truleg igjen som store spørsmålsteikn. For etter Deloitte sin presentasjon av rapporten i kortversjon, den same som nyleg vart vist for kontrollutvalet, skjedde det mest interessante utanfor kommunestyresalen. Lund bad ordføraren om eit gruppeleiarmøte. Der tok den same Lund initiativ til at politikarane skulle hoppa over debatt av punkt éin i innstillinga (sjå nedst i artikkelen), og berre banka gjennom kommunedirektøren si innstilling. Andre alternativ vart diskutert, men til slutt fekk Lund sitt initiativ oppslutnad i gruppeleiarmøtet, under føresetnad av ein skulle bruka same taktikk også for punkt to og tre.

Vel tilbake i kommunestyresalen vart det bede om gruppemøte for dei einskilde partia. Også i desse møta fekk Lund sitt initiativ gjennomslag til slutt, sjølv om det til sat langt inne for Sp som kom sist tilbake til salen.

Gruppeleiar i Sp, Gunnar Våge, vart – til liks med mange andre i kommunestyret denne kvelden – overraska over Lund sitt initiativ. Våge vedgår at det var dissens i Sp-gruppa.

– Nokre peika på at langt mindre saker har fått debatt i salen, men vi konkluderte med å slutta oss til Lund sitt initiativ, derom alle dei andre partia gjorde det, fortel Våge.

Dermed var det ingen som sa noko då ordførar Peder Sjo Slettebø spurde om nokon ville ha ordet til saka, og innstillinga vart samrøystes vedteken.


– Fasttømra

Midt i rådmannsstriden i fjor var økonomisjef Geir Mogren temmeleg taus om kor vidt Øvregård kjende til den omstridde låneavtalen mellom Folgefonnsenteret og kommunen. Men i saka om Folgefonnsenteret i Kvinnheringen onsdag (side 20), uttala Mogren følgjande: «Eg og han hadde snakka om det mange gonger tidlegare».

Kvinnheringen spurde Lund om det var denne opplysninga som påverka han til å koma med det uventa initiativet.

– Nei, ikkje først og fremst. Det var uventa på éin måte, men Mogren sine uttalar kan òg lesast som at rådmannen kjente til at det var diskusjon om ein slik avtale. Det er likevel noko anna enn at ein veit at den er utforma og signert, meiner Lund.

Han har elles observert at det er svært ulike og fastlåste meiningar i saka og det er tydeleg at rapporten blir lesen som «fanden les bibelen».

– Folk ser dette veldig forskjellig, både saka og rapporten, og folk samlar seg om kvar sine veldig fasttømra syn. Då tenkte eg at ein debatt har veldig liten verdi, meiner Lund.

Han held fast ved kritikken han nyleg serverte i eit lesarbrev, men synest altså at nok er nok.

– Folk kan sjå Deloitte sin presentasjon i opptak, eventuelt lesa samandraget i rapporten, eller lesa Jostein Røstbø si utmerkte oppsummering på kvardagsprat (lokal Facebook-gruppe, red. anm.), seier Lund.

Han ser heller ikkje kva mål eller verdi ein kommunestyredebatt skulle hatt:

– Vi skulle ikkje vedta kven som var snill og kven som var slem. Det ville blitt ord mot ord, og eg tenkte at ein debatt ville tilsløra saka meir enn å belysa henne. Kanskje hadde det kome fram eit forslag med sterk kritikk av ordføraren – det vart diskutert eit forslag frå Sp på gruppeleiarmøtet – men det som er sagt og skrive til no talar for seg, meiner Lund.


Vedtaket:

1. Kommunen tek rapport etter «Gjennomgang av prosess vedrørande sluttavtale for rådmannen» til etterretning.

2. Kommunestyret ber kommunedirektøren koma attende med sak for gjennomgang av fullmaktsføresegner i finanssaker som sikrar samsvar mellom praksis og fastsette fullmakter snarast.

3. Kommunestyret ber om at det til neste møte vert laga sak på at det vert sett ned ei arbeidsgruppe. Arbeidsgruppa skal utarbeida eit skriv med rutinar som utfyllande tek for seg korleis arbeidsgjevaransvaret til kommunedirektøren skal ivaretakast, inkludert ein gjennomgang av dei lovkrav som ligg til grunn for handsaming av slike saker. Det kan her takast utgangspunkt kapittel 3 i rapporten; vurderingskriterium.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags