Høgre, Venstre og KrF vil samarbeida

Kent Are Kjørsvik Petterson (V), Peder Sjo Slettebø (H) og Otto Benjaminson (KrF) ønskjer å samarbeida.

Kent Are Kjørsvik Petterson (V), Peder Sjo Slettebø (H) og Otto Benjaminson (KrF) ønskjer å samarbeida. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti ønskjer å laga samarbeidskonstellasjon etter kommunevalet.

DEL

Det kjem fram av ei pressemelding sendt frå dei tre partia i Kvinnherad.

– Sidan tidleg på vårparten har partia Høgre, KrF og Venstre halde uformelle samtalar med mål om å avklara sjansen for eit fleirtalssamarbeid i det nye kommunestyret. Det har vore gode samtalar. Vi finn ut at vi har meir til felles enn det som skil oss.

Utelukkar ikkje andre

Vidare i pressemeldinga heiter det at politikarane frå dei tre partia vil setja seg ned saman  etter valet med intensjon om å danna ein samarbeidskonstellasjon som sikrar ei stabil politisk styring i Kvinnherad.

– At vi no signaliserer vilje til samarbeid utelukkar ikkje at ein breiare koalisjon også kan etablerast.

Felles tankar

Høgre, KrF og Venstre er tre ulike parti som skal driva kvar sin valkamp for sine saker, men legg likevel fram nokre «søyler» i eit eventuelt samarbeid:

  • Ein sunn kommuneøkonomi der ein i perioden kjem ned på eit driftsnivå i samsvar med kommunen sine ordinære inntekter
  • Gjennomgang av heile den kommunale organisasjonen for å oppnå effektivisering og innsparing
  • Satsing på næringsutvikling og tilrettelegging av meir byggjeland for bustader og næring
  • Betring av vegnettet i kommunen og betre kommunikasjonar inn og ut av kommunen

Dei tre partia skriv i pressemeldinga at ein føresetnad for etablering av samarbeidet er at alle partia opplever tilstrekkjeleg gjennomslag for sine viktigaste saker.

– I demokratiet er det veljarane som avgjer styrkeforholdet mellom partia.

Ordførar ikkje avgjort

– Har de forhandla om kven som eventuelt blir ordførar i dette samarbeidet?

– Nei. Det meste er i grunnen ope. Dette er ein intensjon, så vil både valkampen, valresultatet og forhandlingane i etterkant av valet utkrystallisera detaljane om vi skulle komma i mål. Dei felles punkta vi har blitt samde om er for å visa ei retning vi ønskjer å gå i, seier KrF sin ordførarkandidat, Otto Benjaminson.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags