Vi snakkar om den smilande, trivelege, unge og polske pianisten Greg Niemczuk (34). Søndag 29. september kjem han til Husnes for andre gong for å spela konsert i Kulturhuset Husnes, går det fram av ei pressemelding.

Denne gongen byr han på musikk frå Polen og Norge. I vente er komposisjonar av Grieg, Sæverud, Tveitt og Sinding, samt Chopin, Kilar og Paderewski.

Niemczuk held konsertar i alle verdsdelar, men likar seg spesielt godt i Norge. To gonger i året reiser han på turné i landet vårt. Også denne gongen gjer han eit stopp på Husnes.

Den unge pianisten gjekk til topps i debutkonkurransen i Carnegie Hall i New York i 2013, og det same i Chopin-konkurransen i Warszawa i 2010. Utover det er det blitt mange prisar, både i heimlandet og internasjonalt.

– Han er ikkje berre ein fantastisk pianist, men òg smilande, begeistra, open og venleg, står det å lesa i pressemeldinga.

Konserten på Husnes har fått namnet «Fra Polen til Norge – en musikalsk reise».