– Vi har berre hatt ope ein liten time, men det har allereie vore ein god del folk her, smiler Berit Hansen Bjelland frå Husnes skulekorps.

Omringa av lopper i alle moglege variantar, tok ho og dottera Mona Herskedal i mot nysgjerrige kundar i det tidlegare Harmoni frisør-lokalet fredag.

– Her er det mykje å velja i. Det er koppar, kar, sko, klede, leiker, kjøkenutstyr og alt mogleg, seier Berit før Mona skyt inn:

– Ja, det er til og med ei barnevogn.

Gjennom loppemarknaden håpar dei å tena inn nokon ekstra kroner til skulekorpset si klubbkasse.

– Ja, vi gjer det for å tena pengar til skulekorpset for elevar frå Husnes, Sunde og Valen, seier Berit.

– Og så kan du få med at vi blir veldig glade for nye aspirantar i korpset, skyt Mona inn.

Smykkeskrin

Loppemarknaden held ope fredag og laurdag denne veka, før den igjen dukkar opp fredag 24. mars.

– Vi bli glade om folk tek turen innom oss, smiler Berit.

Med på laget hadde dei fem jenter frå valfaget innsats for andre ved Husnes ungdomsskule.

– Vi set på plass varer, ryddar og pakkar inn knuselege ting, seier Sol Stene Jansen.

Ei av dei mange som hadde teke turen for å få med seg kva loppemarknaden hadde å by på, var Nancy Saghaug Skoglund.

– Eg har funne meg eit smykkeskrin som eg skal ha til eit barnebarn, smiler ho og held fram:

– Men eg er her mest fordi det er sosialt, og så det viktig å støtta opp om skulekorpset.