Gløymer aldri natta då han og resten av mannskapet på lasteskipet «Urd» dreiv rundt i brottsjø på Stadhavet

63 år har gått, men Sverre Seberg frå Omvikdalen kjem aldri til å gløyma natta då han og resten av mannskapet på lasteskipet «Urd» dreiv rundt i brottsjø på Stadhavet, med nota til den forliste snurpebåten Brenning i propellen.