Slik var det for Karin Engelsen Myhre (53) frå Halsnøy. Frå 2013 og fram til i dag har ho følgt ein berg- og dalbane når det gjeld helsa. Undervegs har ho kjent seg alt frå heilt frisk til dødssjuk. Kjensleregisteret er utfordra til det ytste.

Brystkreft

Den ugreie ferda begynte med ein kul i brystet hausten 2013. Den viste seg å vera kreft med spreiing til seks lymfeknutar.

– Helsevesenet tok godt hand om meg. Det gjekk ikkje lang tid før den nødvendige operasjonen var over. Heile brystet vart fjerna, likeins 14 lymfeknutar, fortel ho.

Deretter følgde utmattande behandlingar som varte i ni månader. To ulike cellegiftkurar på Haugesund sjukehus, følgt av 25 strålebehandlingar over to månader på Haukeland sjukehus.

– Etter operasjonen vart eg erklært frisk, men fekk tilbod om cellegift og stråling for å vera på den sikre sida, hugsar ho.

Dei fleste kjenner til at det er behandlingane ein blir dårleg av. Slik vart det også for Karin. Sterke kurar med tilhøyrande ubehag, kombinert med at håret med dei nydelege krøllene forsvann, skapte tøffe tider for den elles så sprudlande dama.

– Men eg hadde lenge ønskt meg glatt hår, og no fekk eg jo sjansen til å skifta krøllene ut med ein glatt parykk. Så noko var det no godt for, fortel ho muntert.

Glatt parykk kom på plass. Det gjorde òg mange andre parykkar; grøne, blå, rosa, svarte og gule.

– «Tulleparykkar» har eg i fleng. Dei er fine å ha når eg treng å betra humøret litt. Stort sett er det dottera mi Mildrid som har kome med dei. Ho likar òg å kle seg ut innimellom. Mildrid og eg har det faktisk ganske kjekt med dette, smiler ho.

Mildrid sit ved sida av henne og stadfestar med muntre ord og blikk.

– Vi har mange løgne brillepar òg. Det høyrer jo med til artige kostyme, legg dottera til.

 

Tilbake på jobb

Karin kjempa seg tappert gjennom behandlingane. Hausten 2014 var ho i mål – og klar til å byggja seg opp igjen.

– Eg skulle fortsetja med hormonbehandling i tablettform i fem år til. Mange reagerer på slike, men eg følte det gjekk heilt greitt.

I november same hausten kunne ho endeleg gå tilbake til jobben sin som kundekonsulent i Kvinnheringen. Det gjekk veldig bra. Veldig lenge. Dei fine krøllene kom tilbake igjen, og jenta vart den same som før. Ettersom tida gjekk kjente ho på noko som likna muskelsmerter i kroppen, kan henda ein reaksjon på hormontablettane, tenkte ho. I mellomtida hadde ho vore på tre etterkontrollar og fått gode tilbakemeldingar kvar gong. Ingen teikn til kreft var å spora. Derfor var ho sikker på at det ikkje var det som plaga henne no.

Sjokk

Våren 2016 bestilte Karin seg legesjekk utanom programmet.

– Det gjorde eg for å spørja om dei nye plagene kunne skuldast hormontablettane, og i så fall om eg kunne byta til ein annan type tablettar, fortel ho.

Ei grundig undersøking med CT, scanning og anna følgde. Resultatet var nedslåande. Metastatisk spreiing av brystkreften til lever, lunger og skjelett vart påvist. Vevsprøvar slo fast at det var den same krefttypen som ho vart råka av tre år tidlegare.

– Tilstanden kunne ikkje kurerast, fekk eg vita. Det einaste tilbodet var livsforlengande og smertelindrande behandling. Opplysningane fekk eg per telefon på jobben, fordi eg sjølv bad om det. Fortvila fór eg rett på dør. Nærmast i sjokktilstand. Dette kom verkeleg heilt uventa både på meg og resten av familien, fortel ho.

Karin trekkjer pusten.

– Mannen min Jan Petter har vore ei god støtte for meg. Heile tida har han stilt opp og engasjert seg i at eg skulle få best mogleg behandling. I tillegg har han teke det meste av både husarbeid og anna heime. Då meldinga om tilbakefallet kom, tok han det svært tungt. Eg ser at han er sliten og trøytt. Det går sterkt inn på meg, men eg kan lite gjera med det. Vi har forresten sjekka med kommunen om det er mogleg å få litt hushjelp, men det er det ikkje. No skal vi prøva å få til ei privat ordning i håp om at det kan letta litt på situasjonen til Jan Petter.

På'an igjen

Nye behandlingar med cellegift kvar tredje veke i to månader kom straks i gang etter at tilbakefallet vart konstantert våren 2016. Desse hadde ingen eller liten verknad. Undersøkingane i september viste at kreften var omtrent som før behandlinga starta. Men Karin var blitt annleis. Cellegifta tok på, dei fine krøllene var forsvunne igjen og motet var på ned.

Legane sin plan B vart sett i verk; ny cellegiftkur frå september, men ein annan sort. Endeleg begynte noko å skje. Sjekkane i november viste tydeleg tilbakegang av svulstane i levera og inga vidare utvikling i lungene og skjelettet.

– Kurane var tøffe, men meldinga om at cellegifta hadde verka var heilt fantastisk å få, smiler Karin.

Kreftceller hatar kvitløk

Karin har gjort det ho har kunna for å bidra til betring sjølv, til dømes halde seg i aktivitet og deltatt i sosiale samanhengar.

– Når depresjonen er i ferd med å ta overhand, kan eg få det med grining, skriking, banning og sparking i vegger og dører. Det hjelper litt det, skal eg seia deg. Men for det meste har eg prøvd å halda meg roleg, vedgår den finslege og stillferdige dama.

Kosten er blitt viktig. Karin trur maten absolutt har innverknad på helsa. Med boka «Mat mot kreft» for handa har ho i meir enn eit halvår gått inn for å følgja råda om kva som er bra og ikkje bra å eta for ein kreftsjuk. Rein og næringsrik mat laga frå botn av. Protein i form av reint kjøt, fisk og egg. Grønsaker og gode karbohydratkjelder, som for eksempel poteter. Spinat, frukt og bær med antioksidantar. Kokosfeitt og kokosmjølk i staden for olje og meieriprodukt. Ingen halvfabrikat og absolutt ikkje raffinert sukker. Masse kål og løk, spesielt kvitløk.

– Kreftceller hatar kvitløk, men sukker er som bensin for dei. Den gle-da skal dei ikkje få!

På rett veg

Det gode resultatet av behandlingane i haust gjorde at legane bestemte seg for å gå vidare med same kuren. Den skal ho ta fram til april i år. For å gjera biverknadene lettare å leva med, får ho no behandling med mindre dosar kvar veke, i staden for stor dose kvar tredje veke. Kontrollen i januar i år var svært spennande. Kombinasjonen av rett cellegift og sunn mat viste seg å ha gitt resultat.

– Jippi! Den siste kontrollen viste ein ny tydeleg tilbakegang av tumorane i levera, ingen synleg kreft i lungene og inga utvikling i skjelettet. Betre nytt enn dette kunne eg ikkje ha fått, stråler Karin.

Så får det våga seg, meiner ho, at det har kosta henne mange plager i form av kroppsverk, kvalme, utmatting, verkande fingertuppar, vonde tær og anna.

Fornøgd med helsevesenet

Karin har berre godt, eller nesten berre godt, å seia om helsevesenet. I valet mellom Haukeland og Haugesund valde ho Haugesund i første runden. Då ho vart sjuk for andre gong, var sjukdomsbildet så omfattande at Haukeland tok over ansvaret for behandlinga, men cellegiftkurane får ho likevel på sjukehuset i Haugesund. Der har ho òg hatt samtalar med kreftlegar frå Haukeland.

– Haugesund sjukehus er utruleg bra. Der har eg verkeleg følt meg godt ivareteken heile tida. Men uansett kva for eit sjukehus ein er på, er det viktig å stilla spørsmål. Legane kan vera litt tilbakehaldne med informasjon, då pasientar kan vera høgst ulike når det gjeld kor mykje ein vil vita. Men den som spør, får svar.

– Er du den typen som vil vita mest mogleg?

– Både ja og nei. Mannen min er veldig interessert, men eg kan klara meg utan alle detaljane. Det kan bli for mykje av det òg, seier tapre Karin.

Det ho ikkje er fornøgd med er at kreftutviklinga ikkje vart oppdaga på kontrollane mellom første og andre sjukdomsperioden.

– Eg må berre innrømma at det har plaga meg. På dei tre kontrollane eg var på mellom dei to sjukdomsperiodane, vart det stort sett berre teke blodprøvar som ingenting viste på. Av dette har eg lært at blodprøvar åleine ikkje er nok for å avdekka nye kreftsvulstar. Sjølvsagt har eg hatt vanskar med å godta at eg vart utsett for dette, men eg prøver så godt eg kan å leggja det bak meg, seier ho og grip tak i den ordentlege parykken med glatt hår i hennar eigen hårfarge.

– Med det same syntest eg denne var stilig, men no ønskjer eg meg berre krøllene tilbake.

Ser framover

– Kva tenkjer du om framtida, Karin?

– Den får eg ikkje heilt til å tenkja på. Eg tar ein dag om gongen og håpar det beste. Rundt meg er eg så heldig å ha mange positive menneske som bryr seg om meg, og som gir meg mot og styrke på vegen, rosar ho.

Slekt og vener ringjer og sender meldingar. Folk stikk innom og spør korleis det går. Kollegaene på jobben viser stor omtanke. Den næraste familien har vore svært støttande heile vegen, og storfamilien har stått nær og tilbydd hjelp til både det eine og andre. All denne omtanken har bidratt til å gi henne livsmot og halda den tunge depresjonen vekke.

– Eg tar sikte på å leva lenge.

Kvinnheringen har starta ein eigen innsamlingsaksjon til Kreftforeningen. Gi ditt bidrag her.