Janne (22) er profesjonell fosterteljar

Publisert

Janne Alsaker kom 20 månadar for seint til å bli odelsjente. Men ho bestemte seg likevel tidleg for at landbruket skulle bli hennar leveveg. I dag er ho den einaste profesjonelle fosterteljaren i Hordaland.

– Eg veit eigentleg ikkje kva yrkestittel eg har, men yrket er uvanleg, ja, smiler Janne Alsaker.

Vi sit ansikt til ansikt med ho på lunsjrommet til Landbrukstenester Folgefonna, midt i Skålagato i Rosendal. Det er onsdag morgon. Ute ular austavinden og regnet slår i bakken.

22-åringen frå Loen i Stryn kommune er vaksen opp på ein gard med gris, sau og mjølkeproduksjon i stor skala. Mora, Linda Stensletten, kjem frå Omvikdalen. Der bur òg bestemor og bestefar til Janne, Karen og Eivind Stensletten. Sidan ho var 18 år har Janne budd meir eller mindre fast i Omvikdalen, der ho har investert i eigen bustad i Fitjaheio.

– Eg bestemte meg tidleg for at eg ville jobba innan landbruket. Men eg kom 20 månadar for seint til verda for å få odelen til heimegarden, den var det bror min som stakk av med, fortel Janne.

For fire år sidan tok ho ein telefon til Landbrukstenester Folgefonna og spurde om det var ein sjanse for å få sommarjobb her. Det var det, og sidan har det berre balla på seg. I dag er ho fast tilsett ved kontoret som tilbyr ulike landbrukstenester. Her vekslar ho mellom jobb på kontoret og landbruksvikar ute i felten. Den eine dagen kan ho vera i Ulvik i Hardanger, den neste kan det vera ein bonde på Huglo som treng ein vikar.

Skottland

For fem år sidan vart det gjennomført ei fosterteljing av søyene på heimegarden til Janne i Loen. Det vart avgjerande for ho.

– Eg vart veldig oppteken av skjermen som viste fostera hos søyene. Det var då tanken om å få betre kjennskap til dette arbeidet dukka opp. I nokre år vart det berre med tanken, inntil i fjor haust. Då tok eg kontakt med Noel Herbert, opphavleg frå New Zealand, men busett på Gol. Han har i mange år drive med fosterteljing på sau i Buskerud, Sunnhordland og delar av Rogaland, fortel Janne.

Ho fekk ein avtale om å følgja Herbert dei dagane han var i Sunnhord-land. I løpet av eit par dagar talde dei alle sauene i Kvinnherad. Saue-bestanden i Kvinnherad tel mellom 3000 og 4000 dyr. Den erfarne fosterteljaren frå Gol rådde Janne til å reisa til Skottland for å læra meir om faget.

– Det er inga form for opplæring for fosterteljing i Norge. Skottland er leiande på dette området, både når det gjeld praksis og teori.

Ho har no vore på opplæring i Skottland, og har investert 200.000 til utstyr som ho nyttar i arbeidet sitt.

– Målet er å bli leiande innan fosterteljing på sau i Hordaland og Sogn- og Fjordane, er den klare meldinga frå 22-åringen.

På sikt planlegg ho å utvida tilbodet til skanning av kyr.

Kvinnherad kommune helsar kompetansen hennar velkomen. Styret i det kommunale næringsfondet vedtok i sist møte å løyva 30.000 kroner som ho skal nytta til innkjøp av utstyr som ho skal nytta i arbeidet sitt.

Teknologi

Tilbodet om fosterteljing er blitt godt motteke av framtidsretta sauebønder i Kvinnherad, som ser at dette er noko dei kan ha nytte av. Mange av dei tek i bruk betre teknologi.

– Kva nytte har sauebøndene av fosterteljing?

– Gjennom ultralydundersøking som er nesten den same metoden som vert nytta på gravide kvinner, kan ein sjå kor mange lam kvar søye ventar. Då kan bonden planleggja betre både fôring og adopsjon, forklarar Hanne.

Ho var ikkje gamle jenta då ho fekk dei første dyra sine, som var seks høner. Då ho var 16 år kjøpte ho og broren sine eigne sauer, i dag har dei 10.

Barfottrimmar

Janne Alsaker er òg sertifisert barfottrimmar. Det vil seia at ho steller føtene til hestar som ikkje er skodde. Ikkje nok med det. Då sertifikatet for barfottrimming var i boks, starta ho på vidareutdanning i korleis ein skor hestar. Dette er eit arbeid ho i stor grad utfører utanom den faste arbeidstida.

– Ja, dette er meir ein hobbysyssel. Eg steller mellom 20 og 30 hestar i månaden, seier Janne.

Ho har alltid vore interessert i hest. Etter at ho flytta til Kvinnherad har ho kjøpt seg eit føl som står i ein leigd stall i Rosendal.

Skiskyttar

Når Janne ikkje spring rundt på gardane som avløysar, tel sauefoster eller driv fotstell på hestar, går mykje av tida med til trening. Ho var tidlegare ein habil skiskyttar, der ho mellom anna konkurrerte med dei beste, unge skiskyttarane i Norgescupen. Blant rivalane i desse konkurransane var Ragnhild Femsteinevik frå Hatlestrand.

– Det er imponerande å sjå kva Ragnhild har fått til. Det har nok ikkje vore lett å satsa på skiskyttarsporten og samstundes bu på Hatlestrand. Både ho og bror hennar må ha ein vanvittig viljestyrke, meiner Janne.

– Har du slått Ragnhild i konkurransar?

– Ja, det har eg, smiler 22-åringen.

Etter at ho flytta til Omvikdalen har det blitt bra med fysisk trening, men lite skytetrening.

– Børsa ligg igjen heime i Loen.

Å telja sauefoster og driva med skiskyting har ein viss likskap. I begge greinene gjeld det å vera treffsikker.

God kontakt

Mamma Linda i Loen jubla ikkje akkurat då den mellomste i ein søskenflokk på tre valde å busetja seg i Kvinnherad, langt borte frå barndomsheimen.

– Besto var galen på mammo då ho valte å flytta langt bort frå Omvikdalen. No er mammo galen på meg for at eg har flytta så langt bort frå Loen, skrattar Janne.

Gjennom arbeidet sitt er ho blitt godt kjent med kvar einaste bygd i kommunen.

– Mamma meiner eg er mykje betre kjend i Kvinnherad enn det ho nokon gong har vore.

Janne har god kontakt med familien. Annankvar månad tek ho ein tur heim til mor sine kjøttgryter.

Ho har ikkje stor heimlengt, og trivst godt i bustaden sin i Fitjaheio.

– Har du tenkt å bu åleine, eller er det kjæraste på gang?

Den aktive kvinna lener seg tilbake i stolen. For første gong i samtalen vår vert ho taus. Ho ser på meg med eit lurt blikk og eit lite smil rundt munnen. Etter ein kort pause rettar ho seg opp, slår ut med armane og seier.

– Vi lar det der liggja.

Artikkeltags