Om å vera medmenneske

Den livsglade soknepresten gler seg til julehøgtida og håpar den kan bidra til at vi møter andre med eit ope sinn.
Publisert

Sandnes-jenta, songaren og soknepresten Lina Håland (31) ser på advent og jul som ei fin tid med mange sjansar til å vera medmenneske.

– Dette er tida for å sjå kvarandre og vera gode mot kvarandre. Det gjeld òg i forhold til dei framande som kjem, seier Lina og minner om Ole Paus-teksten «Uvenn blir venn, den fremmede du frykter er ingen fiende, men en elsket bror».

Soknepresten er skuffa over mykje av det som kjem av negative reaksjonar på at folk søkjer tilflukt i fredeleg Norge.

– Eg kan bli sjokkert over kva folk klarar å seia om medmenneske som kjem hit frå fryktelege forhold i andre land, og i alle fall over dei som skjer alle over éin kam. Ein innvandrar er ikkje ein innvandrar, det skulle vera godt kjent. Dei er alle saman enkeltindivid med kvar si historie og kvar sine opplevingar å bera på. Det må vi hugsa, ber presten.

Fordommar

Lina trur at fordommar og ugrunna frykt ligg bak fiendtlege haldning-ar overfor framande.

– Vi må ta imot dei som kjem på ein god måte og prøva å bli kjende med dei. Fordommar og frykt har ein god tendens til å forsvinna når vi tek oss tid til å lytta og forstå, minner ho om.

Julehelga er ei fin tid til å minna oss sjølve og andre om dette. Sjølv har soknepresten ein muslim blant sine aller beste vener.

– Saman snakkar vi om kva som helst, ikkje minst om tru. Desse samtalane er verkeleg givande.

Høyrte på far

Lina er oppvaksen i ein kristen heim i Julabygda, 10 minutt med bil vestover frå Sandnes. Faren er bonde og mora sjukpleiar, og begge to har alltid vore aktive i det kristne miljøet.

– For å seia det slik; eg har hatt trua i meg heile livet. Det var forresten far som rådde meg til å bli prest då eg var usikker på kva eg skulle slå inn på. Eg har ofte gjort som han har sagt, slik vart det også med utdanninga, seier ho med eit lurt smil.

Ho har nemleg ikkje angra på at ho utdanna seg til prest ved Misjonshøgskolen i Stavanger, MHS.

Ho begynte med eit studium om interkulturell kommunikasjon og globalt samarbeid, også dette ved MHS. I den samanhengen var ho eit halvt år i India for å sjå nærare på fenomen rundt krig, fred, konfliktar og dei kastelause.

– Her opplevde eg mykje vondt og håplaust og tenkte at Gud måtte til. Det var absolutt ei medverkande årsak til at eg begynte å studera teologi, fortel ho.

Litt annleis

Jobben i Kvinnherad er den første faste for 31-åringen frå Julabygda. Lina vart tilsett i august i fjor som sokneprest i Uskedalen, men gjer òg teneste i Husnes og Holmedal. To ting gjer henne nokså annleis frå andre prestar vi er vane med; ho er kvinne, og ho syng. At ho syng er blitt godt motteke, også at ho ved fleire høve har trekt koret sitt, Gospelkoret Abraham frå Sandnes, hit. Der er Lina ein av solistane, noko ein kunne høyra på konserten i Uskedals-kyrkja for kort tid sidan. At ho er kvinneleg prest har bydd på litt fleire utfordringar. Etter det vi forstår finst det skeptikarar blant oss på området.

– Akkurat det er ikkje så mykje å snakka om. Det eg kan seia er at det går betre og betre, seier ho med avvæpnande varme.

Kaffi og kunst

– Kvinnherad er ein fin kommune med masse flott turterreng, men eg, som er vane med kort veg til byen og flyplassen, må vedgå at eg ikkje har vent meg til all den planlegginga som skal til for å reisa til Bergen eller Flesland. Å bu på landsbygda er eg jo vane med frå oppveksten, men ikkje dei lange avstandane, klagar ho. Ei lita rynke på nasen kjem til syne.

– Kvifor valde du Kvinnherad, då?

– Eigenleg nokså tilfeldig. Då eg fekk avslag på ein jobb eg søkte i Skånevik, fordi eg hadde for lenge igjen på utdanninga mi, føreslo prosten i Sunnhordland at eg skulle søkja i Kvinnherad. Han meinte det var ein bra plass.

– Er det ein bra plass?

– For all del. Eg likar jobben òg. Der kjem eg i kontakt med mange kjekke menneske, og det kjennest meiningsfullt det eg gjer. Dertil finst det nokre tilbod i kommunen som gjer det lettare for meg å trivast her, fortel ho.

Vi får soknepresten til å røpa kva for tilbod ho siktar til; Kaffelade, Guddalstunet, Peder Bakar og TrimX.

– Eg er nemleg veldig glad i kaffi, kunst, god mat og folk, vedgår den blide presten som prøver å halda seg i form.

Så veit vi det òg.

Full rulle før roa

Soknepresten meiner at jula byr på sjansen til å stressa ned etter ei travel førjulstid, og at vi no heller kan bruka tid på andre, inkludert å ha det kjekt med familien.

– Jul for meg betyr god mat med menneske eg er glad i, levande lys, musikk og opplevingar i kyrkja. Evangeliet om Jesu fødsel er både viktig, gledeleg og spennande, reklamerer presten, som gjerne vil ha mange til kyrkjes i jula.

– Å gå til kyrkjes er einstydande med å roa ned og la høgtida siga inn over seg, lokkar ho.

Sjølv må ho venta litt lengre enn folk flest med å ta julefri. Julehelga er jo for høgsesong å rekna for prestar. Julaftan skal ho halda preiker både i Uskedalen og Valen, 1. juledag står Husnes for tur, og 2. jule-dag er det Holmedal. Så om ho vil vera med familien desse dagane, må dei koma til henne. Akkurat det gjer dei i år. Mor, far og to søstrer, den eine med mann og barn, kjem heim til henne på Valen. Og når gudstenesta er over 2. juledag, ber det strake vegen til Julabygda og fleire familieselskap. Alt er med andre ord lagt godt til rette for at Lina får ei triveleg og innhaldsrik julehelg. Men eitt sakn er det same som alltid.

– «Tre nøtter til Askepott» er eg godt kjent med, men «Reisen til jule-stjernen» på tv har eg gått glipp av heile livet, fordi den alltid er samanfallande med julegudstenesta i kyrkja. Det må eg gjera noko med ein dag, sukkar sokneprest Lina, som nyttar høvet til å ønskja alle ei god og fredfull jul.

Artikkeltags