Tsjekkisk fargeklatt i Rosendal

Av
Publisert

Dette intervjuet er henta frå magasinet Det gode livet i Kvinnherad som ligg som bilag til avisa i dag, onsdag 15. mars. Du kan lesa heile magasinet digitalt her:

Ivan Smisek (51) bur og eksisterer for tida i Rosendal. Han flytta først til Noreg og Kvinnherad 2011. I 2005 vart han tilsett ved Harding som ingeniør, dei første åra i heimlandet sitt, før han flytta hit, og hadde sin arbeidsstad på Seimsfoss. Som ein av fleire mista Ivan jobben i 2015. No titulerer han seg sjølv som ein profesjonell turist, og han utnyttar tida til fulle.

– I’ve heard that you run around barefoot in Rosendal, and I find it quite interesting. Can I have a interview with you tomorrow? Svaret er positivt.

– Is it ok at eleven o’clock? Klokkeslettet vert stadfesta, det passar bra.

– Can we meet at Dinglo? Her stoppar det opp. – Can you please repeat? spør han i andre enden.

Etter mykje om og men fekk eg formulert kvar Dinglo er. – Ah, is it that wire bridge? I usually follow my intuition when I walk, I don’t know many of the local names, forklarar han. At ein tsjekkar ikkje intuitivt veit kvar Dinglo er, godtek eg på flekken.

Grunnen til at han får ein telefon, der eg stotrar fram på min finaste engelsk om han vil møta meg halvvegs til Myrdalsvatnet, er svigermor. Ein kald januardag var ho nemleg på tur rundt nettopp Dinglo. Då ho skulle over brua låg det ein berrføtt, engelsktalande mann og dingla midt på. Han kunne fortelja om den gode energien han opplevde der, og svigermor gjekk vidare. Kort tid etter kom mannen joggande nedover og forbi turfølgjet, framleis berrføtt, og i godt driv. Eg var ikkje berre ei entusiastisk svigerdotter då ho fortalte om hendinga ved eit seinare høve, eg var også genuint nysgjerrig.

Alt er energi

Dagen etter møter eg ein høgreist, smilande mann ved Dinglo. Han beklagar engelsken, og legg til at hans tekniske hjerne ikkje klarar å læra norsk. Han legg seg strak ned midt på brua, med hendene under hovudet og seier at alle er litt crazy.

Midt på Dinglo ligg Ivan og nyt energien. Det er mange stader med gode energiar, meiner han, og det er forma og humøret som avgjer kva stad han oppsøker frå dag til dag. (Foto: Jorun Larsen).

Midt på Dinglo ligg Ivan og nyt energien. Det er mange stader med gode energiar, meiner han, og det er forma og humøret som avgjer kva stad han oppsøker frå dag til dag. (Foto: Jorun Larsen).

– Så kva er det med energien her, undrar eg.

– Alt er energi. Eg er energi, du er energi, eg er deg og du er meg! Denne staden, med elva og alle trea er energi, seier han entusiastisk.

Han slår ut med armane og fortel kor vakkert det er der om kvelden og natta, då er det ingen menneske der, og sansane fungerer på eit heilt anna vis.

Ivan er rask til å kommentera skoa eg går med, nokre ganske stive tursko med tjukk såle. Han dreg av ein av sine eigne og ber meg kjenna. Det er ein berrføttsko, om lag som ein veldig mjuk gymsokk, som gjer at undersida av føtene vert stimulert, og han held seg difor varm både på beina, hendene og elles i kroppen.

– Slik det er no, kunne ein godt droppa skoa og berre gått barføtt, slår han fast, medan han kjenner på grunnen under oss. Kald, tørr sand i grusen og grasstråa er dekt med eit tynt lag rimfrost.

Det er med tjukke sålar og stive sko, som det er med gips, forklarar han. Musklane og ledda vert avstiva og ein får ikkje stimulert kroppen eller kroppsdelen, og då vert ein kald.

Balanse og harmoni

Me går nedover Myrdal medan tsjekkaren legg ut om alt mellom himmel og jord, og sjølv det som finst utanfor desse elementa. I tillegg til å gå turar, har han ein lidenskap i å læra om alt mogleg, og ein av hobbyane hans er alternativ medisin og behandlingsmetodar, hovudsakleg frå Kina. Akupressur er eit omgrep som går att i samtalen. Det kan forklarast som stimulering og avspenning av akupunkturpunkt for å frigjera og balansera flyten av chi, og ved å gå berrføtt, spesielt i terreng, oppnår Ivan dette.

– Det handlar om å vera i balanse, slår han fast og samanliknar seg med eit kjøretøy. Kroppen er kjøretøyet, og det treng pleie og smøring for å fungera. Livet ein lever fungerer anten som vedlikehald eller som katalysator for forfall; maten ein et, tankar, inntrykk, rørsler, dette, med meir, er element som spelar inn på kor bra kjøretøyet fungerer. Ivan har eit tilsynelatande velsmurt kjøretøy, og legg ikkje skjul på at han veit kva som er bra for seg sjølv.

Har ein først oppnådd balanse i livet, kan ein ta steget opp eit nivå og oppleva harmoni. Ivan gestikulerer og syner med heile seg kvar toppen på skalaen er. Den lange mannen når ikkje høgare. Ein oppnår ikkje harmoni dersom ein ikkje først er i balanse, slår han fast.

Når han går berrføtt har han direkte kontakt med det som etter hans meining er alle si mor – nemleg jorda. Han peikar opp.

– And this is the father! Do you know the chakras? spør han meg engasjert vidare, og undrar på om eg veit kor mange chakra eit menneske har.

Det er i alle tilfelle fleire enn eg trur. Han beskriv chakraene som ei søyle av energiar, som går både langt opp i lufta og ned i jorda, og på grunn av dette kan han føla energien i frå både meg, dei me møter langs vegen, og naturen me er i.

Med intuisjon som kompass

Med eit lite digitalkamera på magen er Ivan klar for å dokumentera det som måtte dukka opp på eventyra sine. Kameraet hans er så lite at det gjer nytta både når han klatrar i fjellet, eller må pakka lett for langtur. For det meste går han rundt åleine, men han understrekar at han aldri er åleine. Og han trivest med situasjonen og livet slik det er.

Sjølvportrett i Fjellhaugen. Smisek trivs på fjellet, både med ski, truger og barfotsko på beina. (Foto: Ivan Smisek).

Sjølvportrett i Fjellhaugen. Smisek trivs på fjellet, både med ski, truger og barfotsko på beina. (Foto: Ivan Smisek).

Slik som han intuitivt fann fram til Dinglo i Rosendal, finn han også andre stader ved å nytta intuisjonen sin. Tsjekkaren fortel at han ofte set seg i bilen og køyrer på måfå. Det er tilfeldig om han skal svinga til høgre eller venstre, og etter ein time kan det henda han er framme. Sidan han er åleine, fråskilt og med to vaksne søner, er han fri til å følgja denne intuitive modellen utan å ta omsyn til andre.

– I can show you some of my pictures from my trips, if you have the time to come to my flat, spør han. Og eg har tid.

Sidan Smisek mista jobben, er han omfatta av Nav-systemet og får dagpengar. Han betalar skatt til Noreg, skriv arbeidssøknadar og sender aktivt CV-en sin rundt til aktuelle verksemder i både Noreg og i Europa. Han er i dette systemet fram til sommaren i år, og dersom det ikkje dukkar opp ein jobbsjanse før den tid, vil han truleg bli buande i Rosendal fram til juli.

I like it!

I leiligheten hans får eg ei kjapp omvising. Ein kommode er full av steinar, røykelse, tigrar og kubbelys.

– I like candles, fortel han, og opnar ei ny dør.

Levande lys, røykelse, små steinar og andre gjenstandar får plassen sin på denne gamle kommoden. Fleire av eigedelane hans er funnen på bruktbutikkar. Han tykkjer ikkje nye ting er like verdifulle, og set stor pris på gjenbruk. (Foto: Jorun Larsen).

Levande lys, røykelse, små steinar og andre gjenstandar får plassen sin på denne gamle kommoden. Fleire av eigedelane hans er funnen på bruktbutikkar. Han tykkjer ikkje nye ting er like verdifulle, og set stor pris på gjenbruk. (Foto: Jorun Larsen).

Bak døra fins ei seng og, til mi overrasking, ei lita badstu.

– And I like sauna, smiler han, og trykker på ein knapp.

Badstua blir slått på, og harmoniske tonar akkompagnert med fuglekvitter strøymer ut frå det vetle spaet. Ivan smiler nøgd. På bordet i stova står to afrikanske trommer, ei stor og ei lita, elles dukkar det mellom anna opp nokre bruktkjøp, litt klede, ein vikinghjelm og nokre boksehanskar i synsfeltet mitt.

Midt på golvet ligg ei madrass med fleire puter. Det er der han set seg i kvileposisjon om kveldane, gjerne med musikk å meditera til, levande lys og ein varmestein til å halda føtene på. Smisek informerer om at han varmar opp ein passe stor stein i omnen i rundt tjue minutt, før han set fotsålane borti og lét energien stiga opp i kroppen.

– Is it a daily routine, to lay on the matrass with your feet at the heating stone? undrar eg.

Ivan ler, og svarar positivt.

– It is comfortable, so why not do it every night? Dersom det får deg til å slappa av og kjennes godt, kvifor ikkje?

I hans auge er Rosendal eit lite paradis, og han nyt tilværet og den gode energien i bygda så lenge han er her.

– It gives me good roots for the future to be here.

Han legg til at han har enno ein fire – fem år att å arbeida, reise rundt, studere og oppleva verda før han er klar for å byggja seg eit lite trehus på heimstaden som ventar i Tsjekkia.

Artikkeltags