Gå til sidens hovedinnhold

Kulturlandskapsprisen til Postvegen: Feira med spasertur

Artikkelen er over 6 år gammel

Kulturlandskapsprisen for Hordaland gjekk i 2015 til Postvegen. Premien er heider og ære, og ikkje minst 50.000 kroner.

Det er 20. gongen kulturlandskapsprisen vert delt ut i Hordaland, men ingen tiltak i Kvinnherad har tidlegare nådd heilt til topps. Difor var det stor stas at «Den Stavangerske postvei», som går frå Herøysundet til Ølfernes, vann den gjeve kåringa i år.

– I år var temaet for prisen stiar og ferdselsvegar. Det var skarp konkurranse, og vi er glade for å kunna dela ut prisen til Postvegen, helste Dirk Kohlmann, assisterande landbruksdirektør hjå Fylkesmannen i Hordaland.

Han trekte fram det gode samarbeidet med grunneigarane som ei viktig årsak for at prisen i år gjekk hit.

– Ei anna viktig årsak var at ein i dette prosjektet har hatt fokus på kulturlandskapet gjennom drifta av gardane over tid. At vegen er tilgjengeleg for alle må ein heller ikkje gløyma, sa Kohlmann.

Prisen blei torsdag markert med ein liten spasertur langs delar av Postvegen, samt ein felles lunsj seinare på dag. Til stades for å feira prisen var representantar frå dugnadsgjengen, fylkesmannen, fylkeskommunen, landbruksrådgjevinga, kommunen, vegvesenet, Universitetet i Bergen, turlaget og andre.

– Stor stas å bli sett pris på. Vi er audmjuke for alle vi deler prisen med. Grunneigarane må framhevast ekstra for den viktige rolla dei har hatt i realiseringa av Postvegen, sa Ove Tvedt, primus motor i Interesselaget for Postvegen til Kvinnheringen.

Den 2,5 mil lange restaurerte postvegen, som opna i ferdig utgåve i 2014, trekkjer rundt 10.000 ut på tur årleg. Anne Kari Enes frå Kvinnherad turlag takka Ove Tvedt og dei andre dugnadsfolka for ein formidabel dugnadsinnsats.

– På vegner av «brukarane» av vegen vil eg takka så mykje. Langs Postvegen får vi oppleva både natur- og kulturhistorie, og vi får flotte sanseopplevingar. Vegen er tilgjengeleg for alle. Dugnadsinnsatsen som er lagt ned her, vil mange komande generasjonar få glede av, helsa ho.

Kulturlandskapsprisen skal vera ei påskjøning til dei som har gjort ein mangeårig innsats for å ta vare på landbruket sitt kulturlandskap i Hordaland.

Vinnaren vert Hordaland sin kandidat til den nasjonale kulturlandskapsprisen året etter.

Det er kulturlandskapsgruppa i Hordaland som står for kåringa.

Kommentarer til denne saken