Idrettslaget Ternen arrangerte halvmaraton for første gong i 2014, i samband med markeringa av at Postvegen var ferdig. I år er det klart for det femte løpet, og som alltid går startskotet for konkurranseklassen som skal springa halvmaraton (21,1 kilometer) ved Ternebu i Tveitedalen på Utåker. Største delen av løpet er på grusveg via Postvegen, men nokre plasser må deltakarane springa på asfalt. Målområdet er ved Helland på Husnes, der det òg blir premieutdeling.

Dei som ikkje vil ta seg ut på halvmaraton kan delta i trimklassen, og startar ved Handeland gard ein time seinare enn konkurranseklassen. Born og unge kan òg delta på «minimaraton» på 6,66 kilometer som òg går frå Handeland gard. Dei siste åra har arrangørane vore svært heldige med vêret, og i skrivande stund ser det ut som forholda blir bra også for årets løp. I fjor var Erlend Nymark Jensen først i mål på tida 1.22.16, medan Martha Sofie Teigen Varanes blei først i dameklassen med tida 1.46.27.

Klasseinndelinga i konkurranseklassen blir slik:
Gutar 16–17 år, Gutar 18–19 år, jenter 18–19 år, menn 21–22 år, kvinner 21–22 år, menn senior 23–34 år, kvinner senior 23–34 år, menn veteran 35 år og eldre og kvinner veteran 35 år og eldre.

Som alltid blir bagasjen og bytekleda til løparane transportert frå startområdet til målområdet, og det blir òg busstransport frå mål til startområde etter løpet. Der kan løparane ta seg ein dusj i Ternebu. I målområdet ved Helland blir det kiosk med kaffi, pølser, fruktbeger, kaker og pinnebrød, melder Idrettslaget Ternen i ei pressemelding.