Desse to var først i mål i herre- og dameklassen i Postvegløpet

Erlend Nymark Jensen blei først i mål på tida 1.22.16. Martha Sofie Teigen Varanes blei først i dameklassen på tida 1.46.27.

Erlend Nymark Jensen blei først i mål på tida 1.22.16. Martha Sofie Teigen Varanes blei først i dameklassen på tida 1.46.27.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ramma var perfekt då startskotet smalt for årets Postvegløp, der deltakarane kunne velja mellom halvmaraton eller minimaraton.

Deltakartalet stod i stil med det flotte vêret, der nokre valte kampen mot klokka, heider og ære, medan andre rusla fint gjennom løypa.

25 stilte til start i konkurranseklassen i den vel 21 kilometer lange løypa frå Ternebu til Helland på Husnes. Raskast av alle var Erlend Jensen som vart klokka inn på tida 1.22.16, 48 sekund framfor nummer to, Sjur Ferkingstad. For to år sidan sprang Erlend same løypa fire minutt raskare.

– Eg har vore skadd i seks veker, det er berre den siste veka eg har fått trena skikkeleg, forklarar Jensen.

Han var fornøgd med å ha fullført løpet på ei anstendig tid. Sommaren sitt store mål for 23-åringen er maraton i anten Oslo eller Københamn. Deretter ventar 10.000 meter i NM.

– Det er ei flott løype, skryt vinnaren.

I dameklassen stupte ei sliten Martha Sofie Teigen Varanes inn til siger.

– Det var heilt forferdeleg. Eg har sprunge gjennom denne løypa tidlegare, men det vert hardare når det er konkurranse, sa Martha Sofie etter løpet, der ho låg utslått i lyngen.

–  Du vann?

– Jaaaa! Heilt konge, smiler damevinnaren.

Men det var ikkje berre halvmaraton det handla om. Dei som ønskte ein kortare distanse fekk høve til å starta i minimaraton, ei vel seks kilometer lang løype frå Handeland gard. Her imponerte 10-åringen Sondre Soma Ersland som var best av alle med tida 30.17.1.

– Det var hardt, men gøy, kommenterte 10-åringen løpet sitt.

Arrangørklubben Ternen kan vera godt tilfreds med årets Postvegløp, som fekk heilt perfekte forhold.
 

Her er resultatlista frå konkurranseklassen:

MINIMARATON, 6,66 KILOMETER:

Jenter 13–14 år

1.Julie Soma Ersland – 39.20

2.Emilie Askeland – 39.56

3.Emilia Volden Kleven – 58.52

Gutar 13–14 år

1.Sondre Soma Ersland – 30.17

2.Eirik Soma Ersland – 34.25

3.Hallvar Saghaug – 37.59

4.Andri Sigtorsson – 47.13

Menn 23–34 år

1.Henrik Andreassen Mundal – 30.23

HALMARATON,  21,1 KILOMETER:

Menn 18–19 år

1.Torstein Thorkildsen – 1.32.29

2.Brynjar Vigrestad – 1.47.30

Kvinner 23–34 år

1.Martha Sofie Teigen Varanes – 1.46.27

Menn 23–34 år

1.Erlend Nymark Jensen – 1.22.16

2.Lars Kvalvåg Mehammer – 1.39.37

3.Harald Saghaug – 1.46.14

4.Magnus Haga – 1.59.48

Kvinner 35–99 år

1.Trude Sundsteigen – 1.47.31

2.Tina Rosvold Eik – 2.00.01

3.Janne Kristiansen – 2.02.34

4.Marit Teigen – 2.05.17

5.Randi Knutsen – 3.25.41

Menn 35–99 år

1.Sjur Ferkingstad – 1.23.04

2.Gunnar Vaage – 1.39.26

3.Terje Røssland Nes – 1.39.49

4.Morten Gravdal – 1.45.03

5.Reidar Jensen – 1.49.54

6.Njål Tvedt – 1.52.03

7.Rune Guddal – 1.54.54

8.Rune Sjo – 1.55.59

9.Jarle Mehammer – 1.58.23

10.Knut Arne Haga – 2.02.30

11.Roald Vigrestad – 2.06.04

12.Jacek Marian Armatynski – 2.10.00

13.Leif Hovden – 2.18.47

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags