Andakt for søndag 06. januar 2019

Av
DEL

(Denne teksten manglar dessverre i papiravisa i dag, 4. januar. Vi beklagar glippen på det sterkaste).

Preiketekst Joh.12, 42–47

«Likevel var det mange som tok til å tru på han, til og med av rådsherrane. Men på grunn av farisearane ville dei ikkje vedkjenna seg dette, så dei ikkje skulle bli utstøytte av synagogen. For dei elska æra frå menneska høgare enn æra frå Gud.

Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som har sendt meg. Og den som ser meg, ser han som har sendt meg. Som lys er eg komen til verda, så ingen som trur på meg, skal bli verande i mørket. Den som høyrer orda mine og ikkje tek vare på dei, dømmer ikkje eg. For eg er ikkje komen for å dømma verda, men for å frelsa verda.»

Som vi kan lese av teksten har vi menneska ikkje forandra oss mykje. Mange som høyrde Jesus tale trudde på han, men torde ikkje vedkjenne seg det, av di dei elska æra frå menneska høgare enn æra frå Gud. Kanskje er det eigentleg svært få som tør å gå heilhjarta for Gud – truleg få eller ingen som ikkje kan kjenne frykta for kva dei andre måtte meine og tenkje? Men også vårt halve hjarte og vår feige vilje er mellom dei tinga som vert famna om av Gud sin store nåde og tilgjeving.

Som på Jesu tid, er det mange i dag òg som gjerne vil vere ein kristen, men det blir liksom ikkje noko av. Ein vurderer fram og tilbake, for og imot, men frykta for kva andre vil meine vert for stor.

Er du kanskje ein av desse? Er du ein av dei som eigentleg kjenner ei draging mot det å vere ein ven og ein disippel av Jesus, men du seier det aldri, du viser det aldri, det får ingen konsekvensar, og det blir aldri noko av.

Også mellom dei som møtte Jesus var det fleire som hadde det slik. I teksten over kan vi lese at mange kom til tru på han, til og med av rådsherrane. Men på grunn av farisearane torde dei ikkje seie det, for at dei ikkje skulle bli utstøtte av synagoga.

Alt som er noko verd har en pris. Berre alt likegyldig skrap er gratis. Å leve som en kristen kan koste noko. På Jesu si tid var det altså nokon av dei store i samfunnet, rådsherrane, som frykta kva dei andre ville seie og meine dersom dei vedkjente seg som kristne. Prisen bli så høg at dei ikkje ville betale. Forfattaren av Johannesevangeliet legg her nøkternt til: «Dei ville heller ha ære frå menneske enn frå Gud.»

Også i dag kan nokon kjenne på at det kostar.

Mange veg for og imot om ein skal ta skrittet heilt ut. Og det er nettopp omsynet til dei andre, venene og kollegane, kanskje også ektefellen, som held igjen. Kva vil dei seie, dersom eg vedkjenner meg som ein kristen, dersom eg begynner å gå i kyrkja, korleis blir då reaksjonen? Orkar eg, tør eg?

Dersom dette er din situasjon, skal du vite at Gud ser til hjarta; og der ser han sanneleg litt av kvart hjå oss alle. Det finst ingen som er heilhjarta for Gud, ingen som ikkje kan kjenne frykta for kva dei andre måtte meine og tenkje. Du er på ingen måte åleine med slike tankar.

Når vi tør er Jesus med, han ønskjer å gå saman med oss. I teksten avsluttar han med; «For eg er ikkje komen for å døme verda, men for å frelse verda.»

Jesus har berre gode hensikter. Du er høgt elska av Han som gav sit eige liv for at kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt men ha evig liv.

God helg!

Leif K. Kongestøl

Artikkeltags