«Frå min kristne ståstad er denne organisasjonen forkasteleg, og eitt av dei sikraste endetidstegn»

Av
DEL

MEININGARHuff, dette var som å stikka neven i eit vepsebol. Den eine dagen blir eg skulda for å ha eit faktagrunnlag frå gammaltestamentleg tid, den «neste» for å ynskja kommunen tilbake til den mørke middelalder. Og det berre fordi eg meiner at det naturlege samliv er det mellom mann og kvinne. Samstundes har eg ingen problem med å respektera at andre ser annleis på dette, og tar andre val, utan at eg skal karakterisera dei på ein negativ måte av den grunn.

Så litt om flagget. Ein burde kalla det «Prideflagget» og ikkje «regnbogeflagget». Regnbogen har sju fargar og talet sju er bibelsk. Prideflagget har berre seks fargar. Inntil nyleg har det vore forbode å heisa Prideflagg frå kommunale bygningar og frå Stortinget. I forslag til nye flaggreglar vil regjeringa fjerna den lova og la kommunane bestemma sjølv. Unntaket er 17. mai og andre offentlege flaggdagar. Fleire kommunar har sagt nei til Prideflagget, og dei får «køyrt seg». Pridevennlege politikarar er flinke til å få det til å sjå ut som om dei som ikkje vil heisa Pride er imot mangfald og inkludering. Pride er blitt ein stor politisk organisasjon og det er vanskelig å stå imot.

I så måte er det interessant å lesa kva kommentator og fast spaltist i Dagbladet, Tonje Gjevjon, som sjølv er lesbisk, skriv.

Sitat: «Det har blitt big business, og det feires Pride-parader over hele verden i stor skala fra juni til september. Kan det bli for mye? Har Pride nådd sitt peak? Jeg tror det! For selv om Pride startet som en rettighetskamp for lesbiske og homofile, som jeg og de aller fleste stiller seg bak, har det utviklet seg til noe helt annet i dag. Ved siden av å forkaste tokjønnsmodellen, og biologi og anatomi som vesentlig for definisjon av kjønn, fremmer Pride mange kontroversielle politiske saker. Dette er noen av dem: Avskaffelse av sexkjøpsloven og glorifisering av prostituerte som «elsker jobben sin». Legalisering av surrogati. Dette er forbudt i Norge i dag. Hormonblokkere til barn som tror de er født i feil kropp fra 12 års alder... Det virker som om alle disse sakene går hjem hos både folkevalgte og folk flest, så lenge man kan pakke dem inn i glitter og regnbuefarger. Ja, vi er mange lesber og homser som ikke går i Pride, og som reagerer på hva Pride har utviklet seg til. Men vi støtter selvfølgelig lesbiske og homofiles rettighetskamp og samtidig Stortingets og ordføreres rett til ikke å flagge med Prideflagget» Sitat slutt.

For meg var dette ein del nytt og tankevekkjande stoff. Men sikkert ikkje for Pride-positive politikarar og andre som nok har sett seg godt inn i kva denne organisasjonen som dei ivrar så etter å støtta, står for. Frå min kristne ståstad er denne organisasjonen forkasteleg, og eitt av dei sikraste endetidstegn. Med dette sluttar eg av dette temaet for min del, takkar Torstein Lund Eik og Irene Nielsen-Sjo for «ordskiftet», og ynskjer både dei og andre lesarar ein fin haust og Guds fred. Og tommelen opp for kristen nestekjærleik, toleranse og likeverd.

Vennleg helsing

Bjørn Bjørgen

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags