«Prioriter Hordfast no!»

Av
DEL

MEININGARFerjefri E39 er det viktigaste samferdsleprosjektet både for Kvinnherad kommune, Sunnhordlandsregionen og Vestland. Dette samferdsleprosjektet vil bety svært mykje for vidare utvikling av næringsliv og busetnad i regionen og skape ein felles bustad- og arbeidsmarknad frå Stavanger til Bergen. Kvinnherad kommune er ein kommune med 13.200 innbyggjarar som treng ei tettare forankring mot Sunnhordland og resten av Vestland fylke. Infrastruktur er nøkkelen for å få til dette. Betre infrastruktur til og frå kommunen er det som næringslivet i Kvinnherad kommune og heile Sunnhordlandsregionen trekk fram som det viktigaste for å få vidare utvikling av næringslivet. Det er også ein av dei viktigaste faktorane for å få fleire Kvinnheringar og Sunnhordlendingar som har flytta ut av kommunen for å studere til å flytte heim att når dei er ferdige med utdanning si.

LO i Kvinnherad og Husnes Kjemiske Fagforening (HKF) har følgjande uttale:

● LO i Kvinnherad og HKF oppmodar på det sterkaste Vestland fylkesting om å prioritera E39 Hordfast. LO Kvinnherad og HKF meiner at prosjektet E39 Stord- Os (Hordfast) må realiserast så raskt som råd. LO i Kvinnherad og HKF meiner at prosjektet no må realiserast med bru over Bjørnefjorden slik som det er lagt opp til i NTP.

● LO i Kvinnherad og HKF er glad for den vedtekne sørlege kryssinga over Langenuen, som er det beste alternativet for Sunnhordlandsregionen. Dette alternativet vil leggja til rette for eit framtidig fastlandsamband mellom Kvinnherad og resten av Sunnhordland.

Lise Rørvik
Leiar i LO i Kvinnherad

Ørjan Normann
Leiar i Husnes Kjemiske Fagforening

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags