Gå til sidens hovedinnhold

Pris for sterk framside

Artikkelen er over 1 år gammel

I samband med Landslaget for lokalaviser sitt landsmøte denne helga, blir det delt ut avisprisar. Kvinnheringen fekk fleire utmerkingar laurdag kveld.

Du hugsar kanskje avisa frå 2. februar i fjor? Av innhaldet var det nok sterke historier om tragiske dødsulukker som gjorde mest inntrykk, men framsida var også spesiell.

Kvinnheringen fekk prisen «Årets lokalavisside» for framsida. I tillegg vanka det heiderleg omtale for heile avisa i kategorien journalistikk..

Juryen seier dette om framsida: Denne avisforsiden har en unik tilnærming ved bruk av typografi. Dette, samt bruken av kontrastfarger, skaper et spennende blikkfang. Samtidig som at dette er en sak tydelig rettet mot lokalsamfunnet, og er et godt eksempel på hvordan dette kan gjøres på en interessant måte.

Grafikar og teknisk sjef i Kvinnheringen, Vidar Håland, kommenterer prisen for «Årets lokalavisside» slik:

– Trafikkavisa kom etter den tragiske dødsulukka på Opsangervegen i 2017. Vi ville markera eit tydeleg standpunkt om at nok var nok, og at vi ikkje har fleire å mista. Den dystre statistikken i Kvinnherad tala for seg sjølv, og eg ville laga ei dramatisk framside som enkelt fekk fram den alvorlege bodskapen om kor mange som har omkomme i Kvinnherad. For meg heng denne prisen høgt, fordi det var ei sterk avis å jobba med, og det er stas at bransjen vår gir oss ei slik anerkjenning.

Den heiderlege omtalen i kategorien journalistikk, seier mellom anna dette om tema-avisa:

Over 24 sider denne dagen fortel Kvinnheringen om opprivande bilulukker, om ungdom og råkøyring, om sorg og sakn – og om korleis ein kan få bukt med ulukkene. Vinklingane er skarpe, historiene er sterke. Vi i juryen kjenner på den same fortvilinga som dei som er intervjua; dei som sit igjen, dei som overlevde, dei som er skadde for livet, og dei som jobbar med dette kvar dag.

Årets lokalavis 2018

Kommentarer til denne saken