Som Kvinnheringen skreiv om for nokre veker sidan, har jentegruppa GRL PWR nye medlemmar og eit nytt prosjekt om unge og rus.

Lions Kvinnherad var så imponerte over ungdommane sitt prosjekt at dei nominerte GRL PWR til distriktet sin Ungdomspris, og i dag laurdag fekk jentegruppa prisen og ein sjekk på 10.000 kroner av Lions distrikt 104E6.

Utdelinga skjedde i Kristiansand.