Fredag var det duka for prisfest i Haugesund journalistlag. Prisfesten der journalistar og fotografar blir heidra for arbeidet dei har gjort året før, går som regel av stabelen i februar i samband med Vinterkonferansen på Karmøy. Pandemi og restriksjonar sette derimot ein stoppar for arrangementet også dette året, og prisfesten blei utsett til journalistlaget sin årlege sommarfest i samband med filmfestivalen i Haugesund.

Juryen som i år var sett saman av Gerd Margrethe Tjeldflåt, journalist i Bergens Tidende, Svein Erik Giskegjerde, journalist i TV2, og Tor Nilssen, fotograf Signator frå Haugesund, har gått gjennom alle bidrag og konkludert. Haugesund journalistlag deler ut prisar i desse kategoriane: Beste enkeltartikkel/program, beste foto og årets prosjekt. I tillegg blir det delt ut ein hovudpris. Dette er ein pris til journalisten som har imponert juryen mest. Prisen er på tvers av alle kategoriar, og denne gong var det journalist Olav Røli frå Stord som fekk den høgt respekterte hovudprisen.

Kvinnheringen fekk prisen for «Årets prosjekt» for artikkelserien om tidlegare tilsette i Kvinnherad kommune som opplevde å ikkje bli tekne på alvor då dei varsla om kritikkverdige forhold dei blei utsette for i jobben.

Juryen skriv dette om Kvinnheringen sine saker:

«Vinnarane i kategorien Årets prosjekt har gått inn i ein vanskeleg materie. Å melde frå om dårlege forhold på arbeidsplassen sin, er aldri lett. Og i ein mindre kommune der mange kjenner kvarandre, kan det verke ekstra belastande å skulle seie frå.

Journalistane har tydeleg opparbeidd seg tillit hos kjelder som lenge har halde stilt om vanskelege opplevingar. På denne måten har dei belyst at kommunen ved fleire høve ikkje har stilt opp for sine eigne tilsette. Dei har også kunna avsløre at kommunen har teke grep for å få tilsette til å teie. Sakene er følgt opp politisk som har gjort at rutinar blir gjennomgått og at temaet har fått auka merksemd.

Juryen gratulerer Trude Aarsand og Elisabeth Berg Hass i Kvinnheringen med prisen Årets prosjekt for varslarsakene».

Prosjektet Kvinnheringen fekk pris for, og dei tre hovudartiklane, var som nemnt skrivne av journalistane Elisabeth Berg Hass og Trude Aarsand, og du kan lesa dei her:

Kommunen ville setja munnkorg på Møyfrid

Ti år etter at ein elev troppa opp på kontoret hennar, dynka i bensin og med lighter i handa, har ho framleis problem med å tanka bilen

Truga på livet

Du kan også lesa korleis kommunedirektøren og kontrollutvalet ser på noko av det som kom fram her:

Kommunedirektøren takka Liesje

Takka Møyfrid og Lata Marie: – Hadde det ikkje vore for enkeltpersonar som står fram, er det ikkje sikkert det hadde blitt ei sak i det heile

Dei andre prisvinnarane under prisutdelinga var:

Hovudprisen: Olav Røli og mediehuset Sunnhordland for saka: Kva skjedde med Tom Fagerland?

Beste enkeltartikkel/program: Odd Kåre Grøttland i Haugesunds Avis

Beste foto: Grethe Nygaard for Haugesunds Avis

Heiderspris: Harald Dale