Hydro Husnes fekk HMS-pris i Haugesund

Frå venstre: Janne Hetland, Regionsleiarr Haugesund, verneombud Geir Yven i Hydro Husnes,  HMSK-leiar Anne Helen Ripel frå Hydro Husnes og Rikke Sivertsen Dahl, dagleg leiar i AktiMed Norge. (Pressefoto).

Frå venstre: Janne Hetland, Regionsleiarr Haugesund, verneombud Geir Yven i Hydro Husnes, HMSK-leiar Anne Helen Ripel frå Hydro Husnes og Rikke Sivertsen Dahl, dagleg leiar i AktiMed Norge. (Pressefoto).

DEL

Sidan 2004 har det på HMS-konferansen i Haugesund blitt delt ut arbeidsmiljøpris til verksemder i regionen. Føremålet med prisen er å skapa ei meir positiv merksemd rundt godt HMS-arbeid hos bedriftene.

Torsdag var det Hydro Husnes som blei tildelt Arbeidsmiljøprisen ved AktiMed sin HMS-konferanse i Maritim Hall i Haugesund. Det kjem fram av ei pressemelding.

Det var HMSK-leiar Anne Helen Ripel og verneombod Geir Yven i Hydro Husnes som var til stades i Haugesund og tok imot den gjeve prisen.

Hydro Husnes var nominert til årets arbeidsmiljøpris på bakgrunn av følgjande kriterium:

- Bedrifta har eit kontinuerleg fokus på HMS, noko som blir gjenspegla i heile organisasjonen. Velvilje og engasjement i forhold til HMS-arbeid er synleg over heile linja, og er godt innarbeidd over mange år. Tryggleiken og helsa til den enkelte er alltid prioritert.

- Det fremstår eit godt samarbeid mellom tilsette og leiarar på ulike nivå. Dette er avgjerande for eit føremålstenleg HMS-arbeid.

- Hydro Husnes har ei svært synleg verneteneste som bidrar på ein særs god måte innanfor HMS-arbeidet.

- Bedrifta har stor kunnskap kring dei fleste HMS-område, og er samtidig aktiv i dialog med bedriftshelsetenesta på område det er føremålstenleg å samarbeida om.»

Det står elles dette i pressemeldinga om prisen:

Hydro Husnes er i lokalmiljøet kjent for å har høgt fokus på HMS, og for å ha orden på sakene. Dei har stort fokus på arbeidshelsa til den enkelte tilsette, og dette blir følgd opp frå før tilsetjing, gjennom heile arbeidskarrieren og til slutt ved sluttkontroll.

Det blir jobba aktivt for å auka bevisstheita omkring bruk av personleg verneutstyr. Dei siste åra har mellom anna hovudverneombod Geir Yven halde "støyskule" for alle fast tilsette, ferievikarar og lærlingar. Dette er eit kurs som gjer inntrykk og som gjer at den enkelte ser kor viktig det er å verna høyrsla si.

Hydro Husnes er også kjent for å ha eit svært godt AKAN-arbeid, og bedrifta har fleire gonger vunne AKANprisen.

Det blir kvart andre år halde HMS-kurs for områdeleiarar og verneombod for å sikra kompetanseheving innanfor HMS.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags