I 20 år har aviser frå heile Europa konkurrert om å vinna prisar i tevlinga European Newspaper Award. I år var det 182 aviser frå 25 land med i konkurransen. Kvinnheringen vann fire prisar i tre forskjellige kategoriar. Avisa vann éin pris i greina «special pages» om smykkefotografen Turi Løvik Kirknes, to prisar i greina «Cover- and coverstory» for saka om nedlegging av eit bufellesskap, og om 15-åringen som fekk ekle meldingar i ein anonym meldings-app. Avisa vann òg pris for artikkelen om Fotoklubben som gjorde det bra i foto-NM, i kategorien «Picture page».
Elles vann avisa Sunnhordland pris for årets lokalavis, og Adresseavisen for regionavis.
– Høg kvalitet i regionen
Redaktør i Kvinnheringen, Tomas Bruvik, er nøgd med resultatet.
– Det viser at vi framleis klarer å oppretthalda kvalitet med den fantastiske grafikaren vår, seier Bruvik, og siktar til grafikar i Kvinnheringen, Vidar Håland.
Bruvik synest det er spesielt kjekt at avisa vann for ei konkret sak:
– Saka om bufellesskap var veldig vanskeleg å illustrera då vi ikkje hadde nokre bilde. Så det at vi klarer å løysa det på ein god måte grafisk er veldig gøy!
Elles ønskjer redaktøren å gratulera avisa Sunnhordland med prisen for årets lokalavis, og seier velkommen etter.
– Det viser at vi held høg kvalitet på lokalaviser i Norge og Sunnhordland.
Grafikar Håland fortel at det betyr svært mykje å vinna slike prisar i konkurranse med dei beste avisene i Europa.
– Det hadde ikkje vore mogleg utan den kreative redaksjonen vår, som verkeleg bryr seg om korleis vi presenterer sakene våre. Eg er heldig som får jobba saman med ein så dyktig gjeng, seier Håland.